Østre Porsgrunn kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Østre Porsgrunn kyrkje
kyrkje
Foto: Haavard T. Gjestland
Land  Noreg
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Agder og Telemark
Prosti Skien
Sokn Porsgrunn
Fellesråd Porsgrunn
Arkitekt Espen Surnevik og Trodahl arkitekter
Innvigd 15. september 2019
Kyrkjegard Ja
Kart
Østre Porsgrunn kyrkje
59°08′10″N 9°38′52″E / 59.136111°N 9.647778°E / 59.136111; 9.647778
Wikimedia Commons: Østre Porsgrunn kirke

Østre Porsgrunn kyrkje er ei kyrkje i Porsgrunn kommune i Telemark. Kyrkja erstatta ei kyrkje frå 1760 som vart tend på og brann ned til grunnen natt til 11. april 2011.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Det var ulike oppfatningar i Porsgrunn om kyrkja burde byggjast opp som ein kopi av gamlekyrkja eller som ei moderne kyrkje ut frå behov og funksjonar.[1][2] Det gjekk ein aksjon over fleire år for å få oppført ein rekonstruksjon av kyrkja som brann,[3] men mellom aktive medlemmar i kyrkjelyden ønska dei fleste ei moderne kyrkje.[4] Dette vart òg vedteke av Porsgrunn kyrkjelege fellesråd, som hadde ansvar for bygging av ny kyrkje.

Kyrkjebygg[endre | endre wikiteksten]

Den nye kyrkja vart teikna av arkitekt Espen Surnevik og Trodahl arkitekter. Bygget vert gjerne omtala som «porselenskyrkja», ettersom ho skulle kles utvendig med fliser som skulle minne om porselen.[5] Tor Entreprenør vart tildelt byggjeoppdraget,[6] og arbeidet byrja i desember 2017. Det nye kyrkjebygget stod ferdig hausten 2019 og vart innvigd den 15. september 2019.[7]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Ronny Spaans: Når eit symbolbygg brenn, Dag og Tid, 19. april 2013
  2. Alf Gjøsund: Brennhet debatt etter kirkebranner, Vårt Land, 15. mai 2014.
  3. Komiteen for Gjenoppføring: Kirken opp! Arkivert 2020-08-15 ved Wayback Machine.
  4. Porsgrunn menighetsblad, juni 2014 Temanummer om ny kirke Arkivert 2016-03-04 ved Wayback Machine.
  5. Filip Wennerød: – Kult med porselenskirke Porsgrunns Dagblad, 1. juli 2015
  6. Østre Porsgrunn kirke Arkivert 2019-10-20 ved Wayback Machine. Produktfakta
  7. Kirkeblad for Porsgrunn Arkivert 2019-11-07 ved Wayback Machine. nr. 4/2019, s. 11.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]