Øverdalen kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Øverdalen kapell)
Øverdalen kyrkje
kyrkje
Foto: Halvard Hatlen
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Møre
Prosti Indre Romsdal
Sokn Øverdalen
Fellesråd Rauma
Arkitekt Eirik Sylte (byggm.)
Teknikk Lafteverk
Material Tre
Innvigd 1902
 - Endringar Restaurert 1953
Skip Eitskips hallkyrkje
Klokker 1 (1902)
Kyrkjegard ligg ved kyrkja
Preikestol 1902
Døypefont Astor Alnes, 1953
Altartavle Frå 1953, måla av Halvard Hatlen
Sitjeplassar 150
Kart
Øverdalen kapell
62°20′08″N 8°04′05″E / 62.3356°N 8.068°E / 62.3356; 8.068
Wikimedia Commons: Øverdalen kirke

Øverdalen kyrkje ligg på Verma i Rauma kommune. Kyrkja vart bygd som kapell av byggmeister Eirik Sylte frå Tresfjorden, i 1902. Ho vart restaurert, pussa opp, i 1953, vel femti år etter at ho vart bygd.

Kyrkja har eit ytre omriss som ei langkyrkje og er bygd i lafta tømmer.

Kapellet vart bygd fordi ein Kongeleg resolusjon av 23. mars 1901 delte Kors sokn i to, til Medalen og Øverdalen. Øverdalen er øvst i dalen (Romsdalen), mens medalen, er midt i dalen. Medalingene sokna til Kors kyrkje, ved Marstein.

Tidlegare, før 1901, sokna øverdalingane til kyrkja på Flatmark lenger nede i Romsdalen (i dag: Kors kyrkje).

Interiøret[endre | endre wikiteksten]

Altartavla er frå 1953,og er måla av Halvard Hatlen.

Orgelet har fire stemmer og er eit trøorgel frå 1914. Orgelet er ei gåve frå «bygdefolket i Norge og Amerika».

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Brudeli, Peder; Kylling, Asmund, red. (2002). Øverdalen kirke 100 år 1902-2002. Øverdalen menighetsråd. 
  • Ei bok om Rauma (Bokhylla.no)
  • Rasmussen, Alf Henry (1993). Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 505. ISBN 82-7527-022-7. 
  • Thaule, John Ove; Ubostad, Ingar; Pedersen, Bjørn. 1990. Kyrkjene våre i Ei bok om Rauma, Rauma Kommune. s 207-210

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]