Øvre Årdal
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Øvre Årdal ved Årdalsvatnet. | ||
| Plassering | ||
|---|---|---|
|
|
||
| Årdal i Sogn og Fjordane | ||
| Geografi |
|
|
| Folketal[1] | 3 428 (2011) | |
| Folketettleik | 1 530,4 /km² | |
| Areal[1] | 2,24 km² | |
| Koordinatar | Koordinatar: | |
| Annan informasjon | ||
| Ferdselsårer | 53 | |
| Postnummer | 6884 ØVRE ÅRDAL | |
Øvre Årdal er ein industristad i Årdal kommune i Sogn og Fjordane fylke. Tettstaden har 3 428 innbyggjarar (2011) og ligg ved nordaustre enden av Årdalsvatnet, ved utlaupet til Utla, tolv kilometers køyring frå Årdalstangen.
Her ligg Farnes kyrkje frå 1970, Årdal vidaregåande skule og barne- og ungdomsskulen Farnes skule. Aluminiumsverket til Hydro Aluminium er ei hjørnesteinsverksemd i Øvre Årdal.
Øvre Årdal er òg namnet på eit kyrkjesokn i Årdal prestegjeld i Indre Sogn prosti. Soknet vart oppretta samstundes med opninga av Farnes kyrkje i 1970, då vart Årdal sokn deld i to deler som fekk namna Øvre Årdal og Nedre Årdal. [2]
Innhaldsliste |
[endre] Sjå òg
[endre] Kjelder
[endre] Fotnotar
- ↑ 1,0 1,1 Statistisk sentralbyrå Folkemengd og areal, 1. januar 2011.
- ↑ «Kirkebøker, Sogn og Fjordane» på nettstaden til Arkivverket
[endre] Bakgrunnsstoff
- Eldre fotografi frå Øvre Årdal på nettstaden til Nasjonalbiblioteket
- Om Øvre Årdal sokn på nettstaden til Den norske kyrkja=
Denne geografiartikkelen som har med Sogn og Fjordane å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
|
|
|
|---|---|
| Borgund · Dale · Fet og Joranger · Fjærland · Flåm · Fortun · Gaupne · Hafslo · Hauge · Jostedal · Kaupanger · Leikanger · Nedre Årdal · Nes · Norum · Nærøy · Solvorn · Stedje · Tønjum · Undredal · Vangen · Øvre Årdal |