Øvre Anárjohka nasjonalpark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Øvre Anárjohka nasjonalpark
Område Finnmark
Oppretta 1975
Areal 000000000001390.00000000001 390 km²

Øvre Anárjohka nasjonalpark er ein nasjonalpark oppretta ved forskrift i 1975. I verneforskriften brukast skrivemåten Øvre Anarjokka. Saman med den tilgrensande finske nasjonalparken Lemmenjoki utgjer parken eit stort, urørt naturområde i nord. Nasjonalparken ligg avsides til på ein urørt del av Finnmarksvidda. Eit bølgande viddelandskap med bjørkeskog, furumoer, store myrer og mange vatn pregar nasjonalparken.

Plassering[endre | endre wikiteksten]

Øvre Anárjohka nasjonalpark ligg aust på Finnmarksvidda og omfattar areal i Karasjok og Kautokeino kommunar i Finnmark fylke.

Vern og bruk[endre | endre wikiteksten]

Formålet med Øvre Anárjohka nasjonalpark er å ta vare på eit stykke av Finnmarksvidda med eit representativt utval av dei naturtypar som forekjem der, så som furuskog, bjørkeskog og vidde med kratt, myr, vatn, elvar og låge fjell. Dyre- og plantelivet skal få utvikle seg mest mogleg fritt utan påverkning frå menneske.

Verneforskriften tillèt tradisjonell reindrift. Bygging av gammer for reindrifta og eit avgrensa antal hytter eller buer for ålmen bruk, kan tillatast av Fylkesmannen som forvaltingsstyresmakt.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]