Øvre Richter Frich

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Øvre Richter Frich

Statsborgarskap Noreg
Fødd 24. mars 1872
Byneset kommune
Død

13. mai 1945 (73 år)
Södertälje

Yrke journalist, skribent
Far David Christopher Frich
Mor Emilie Frich
Ektefelle Aja Basilier-Magelssen
Øvre Richter Frich på Commons

Gjert Øvre Richter Frich, kjend som Øvre Richter Frich, (24. mars 187215. mai 1945) var ein norsk journalist og forfattar. Han er mest kjend for spaningsromanane sine med mellom andre Jonas Fjeld og Adrian Roca i hovudrollene.

Frich var fødd i Trondheim. Far hans var prest David Chr. Frich. Familien budde i Bergen medan Øvre Richter Frich var barn, før dei flytta til Vang i Hedmark der han fekk ungdomsåra sine.

Han arbeidde som journalist for Aftenposten og Ørebladet, og var redaktør for Verdens Gang og Bergens Aftenblad. Den fyrste skjønnlitterære boka han gav ut under eige namn, spaningsromanen De knyttede næver, kom i 1911, og vart den fyrste av 21 bøker i serien om den overariske helten Jonas Fjeld. Til saman skreiv Øvre Richter Frich over 60 bøker. Dei fleste av bøkene hans kom ut i Sverige med, og også der selde dei godt. Nokre av dei seinare bøkene hans kom fyrst ut på svensk, og somme har aldri kome ut i norsk språkdrakt. Frich døydde i Östertälje i Sverige)

Steffen Kverneland gav i 1993 ut ein teikneserieversjon av De knyttede never.

Pseudonym[endre | endre wikiteksten]

  • Olsen brukt til boka En Journalists Glemmebog som vart utgjeven på Alb. Cammermeyers forlag i 1903. Boka er illustrert av Ragnvald Blix.
  • Rita Freimann brukt til boka I skyggen av Karl Johan : fragmenter av en kvindes liv frå 1911.
  • Reidar Noman brukt til romanen I polarnattens favn: roman fra Spitsbergen, fyrst då han vart prenta som forsetjingshistorie i Morgenbladet og sidan då han vart utgjeve som særtrykk av Morgenbladet i 1912. Boka vart seinare publisert i hans eige namn.

Bøker[endre | endre wikiteksten]

Bøkene om Jonas Fjeld[endre | endre wikiteksten]

  • 1911 – De knyttede næver. En storforbryders roman.
  • 1912 – Kondoren. En landflygtigs roman.
  • 1912 – Guldaaren. En eventyrers roman.
  • 1913 – De sorte gribbe. En forbryderroman i luften.
  • 1913 – Den gyldne pest. En moderne alkemistroman.
  • 1913 – I sølvlandets nat. En roman om røvere i røvernes land.
  • 1914 – Flyvefisken. En roman fra verdenskrigen 1921.
  • 1914 – Den røde taake. En moderne sjørøverroman.
  • 1915 – Havets øine.
  • 1916 – Donna Franceska.
  • 1917 – Hammerslaget.
  • 1918 – Lille Jonas Fjeld. Gutteroman.
  • 1920 – Lucifers øie. En roman om lys.
  • 1921 – Jorden som dræper.
  • 1922 – Pans fløite. En roman om forgiftet lyd.
  • 1924 – De udødelige dverge.
  • 1926 – Jacques Delmas forbandelse.
  • 1927 – Slangeblomsten fra Magdala. En Jonas Fjeld-roman.
  • 1932 – Storfjellets herre.
  • 1934 – Nordlysets datter. Jonas Fjeld-roman.
  • 1935 – Menneskejegerene. Kriminalroman.

Bøkene om Jonas Fjeld er gjenutgjevne mange gonger, og då er ortografien i boktitlane gjerne endra. Ofte er også siste del av boktitlane (undertitlane) uteletne i dei seinare utgåvene. Då Helge Erichsens forlag gav ut Jonas Fjeld-serien på nytt på 1960-talet var rekkjefølga i serien ganske annleis frå den rekkjefølga Øvre Richter Frich fekk bøkene utgjevne i fyrste gongen. Her er Jonas Fjeld-serien lista i rekkjefølga han kom ut i Helge Erichsens forlag si utgåve frå 60-talet:

  1. De knyttede never.
  2. Kondoren.
  3. Gullåren.
  4. De sorte gribber.
  5. Den gylne pest.
  6. Flyvefisken.
  7. Havets øine.
  8. I sølvlandets natt.
  9. Den røde tåke.
  10. Donna Francesca.
  11. Jorden som dreper.
  12. Lucifers øye.
  13. Jacques Delmas forbannelse.
  14. Pans fløyte.
  15. Slangeblomsten fra Magdala.
  16. De udødelige dverge.
  17. Lille Jonas Fjeld.
  18. Storfjellets herre.
  19. Nordlysets datter.
  20. Menneskejegerene.
  21. Hammerslaget.

Bøkene om Adrian Roca[endre | endre wikiteksten]

  • 1929 – Men Rocambole var ikke død...! Moderne kriminalroman.
  • 1929 – Vampyren. Moderne kriminalroman.
  • 1930 – Den flyvende kuffert.
  • 1931 – Bandittenes opmarsj.
  • 1932 – Kvelerne.

Andre romanar[endre | endre wikiteksten]

  • 1911 – I skyggen av Karl Johan. Fragment av en kvindes liv. Publisert under pseudonymet Rita Freimann.
  • 1912 – I polarnattens favn. Roman fra Spitsbergen. Fyrst publisert under pseudonymet Reidar Noman, seinare utgåver i eige namn.
  • 1915 – Kanonernes sjel. En krigsroman.
  • 1915 – Kaperens klør. Roman fra den moderne sjøkrig.
  • 1917 – Hyænerne.
  • 1917 – Handelsspionen Servans. Utgjeven utan at forfattar vart oppgjeve, berre «oversat av O.W. Erichsen». Det er noko usemje om det verkeleg er Frich som har skrive boka.
  • 1921 – Morgenrødens vinger. En moderne smuglerroman.
  • 1921 – Det ytterste hav. En roman fra en ukjendt verden.
  • 1922 – Solkongens arv. Roman fra Stillehavet.
  • 1923 – Den evige vandrer. Av en lommetyv og hotelrottes saga.
  • 1924 – Olympieren. En idrætsroman.
  • 1925 – Rottærne. En roman om banditter og provokatører.
  • 1925 – Madonnas smil.
  • 1925 – Halvkunstnerne. Moderne pariserbilleder.
  • 1927 – De fædrelandsløses ø.
  • 1928 – Jacob Harvis, spilleren.
  • 1928 – Ulvene.
  • 1928 – Mr. Clawsons Norgesfærd. En Osloroman.
  • 1929 – Journalisten og filmstjernen.
  • 1930 – Saksofonkongen.
  • 1933 – Stortyven og hans hund.
  • 1933 – Havfruens sønn.
  • 1933 – Fredag den 13de.
  • 1938 – 2x3. Kriminalroman.
  • 1938 – De tause barn fra Ural.
  • 1940 – I Eiffeltårnets skygge.
  • 1941 – Starke Janson i Kinesiska sjøn. (Ikkje utgjeven på norsk.)
  • 1941 – Två män på en flotte i Søderhavet.
Norsk utgåve:
1942 – To mann på flåten.
  • 1941 – Styrmann Rolf i Alaska. (Ikkje utgjeven på norsk.)
  • 1942 – Karolinen i Sødra ishavet. (Ikkje utgjeven på norsk.)
  • 1942 – Styrmann Rolf i Klondyke. (Ikkje utgjeven på norsk.)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bøker om Øvre Richter Frich og forfattarskapet hans[endre | endre wikiteksten]