Øvre Savadalen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Øvre Savadalen
dal
Utsyn mot Øvre Savadalen frå Stol
Land  Slovenia
Kart
Øvre Savadalen
46°28′16″N 13°54′42″E / 46.471111111111°N 13.911666666667°E / 46.471111111111; 13.911666666667
Wikimedia Commons: Upper Sava Valley

Øvre Savadalen (slovensk Zgornjesavska dolina) er ein fjelldal i regionen Gorenjska i Slovenia. Elva Sava Dolinka renn gjennom han. Han startar ved Rateče 870 meter over havet og endar ved Moste 560 meter over havet. Dalen er den geografiske grensa mellom Dei juliske Alpane og Karavankane. Han vart skapt av ei tektonisk forkasting som går langs midten av dalen, og er seinare forma av erosjon frå elvar og isbrear. Fleire mindre dalar fører inn frå sidene.

Dei største busetnadane i dalen er Kranjska Gora og Jesenice.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]