Øvre Stabu-innskrifta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Øvre Stabu-innskrifta eller Reynir er ei runeinnskrift på ein spydodd som vart funnen på garden Øvre StabuØstre Toten i Oppland. Spydodden vart funnen i ei mannsgrav saman med andre våpen og våpendeler, meir eller mindre skadde av brann og rust. Innskrifta på åtte teikn er tidfest til perioden mellom år 160 og 250/260 e.Kr. og er dermed kanskje den eldste på urnordisk.[1]

Innskrifta lyder: raunijaR

norrønt språk blir dette reynir, som på moderne norsk kan omsetjast til ‘røynaren’, altså ein som prøver seg, blir prøvd eller gjer ei erfaring.[2][3] Jamfør nynorskordet å røyna = å måtta tola eller gjennomgå, prøva, få vita gjennom eiga oppleving, merka.[4]

raunijaR har truleg vore namnet på spydet.

Med dette kan ein seia at det eldste ordet vi kjenner er eit ord som går utover det reint deskriptive, det er eit poetisk bilete, ein forløpar for den bilettypen som blir kalla heiti i norrøn diktekunst, og som ein i dag ville kalla metafor.[2]

Det har òg vore gjort andre tolkingar av runeinnskrifta, t.d. raunija, som tyder eg røyner. Men grunntydinga av dei alternative tolkingane er om lag den same.

Spydodden vart funnen i ein låg, vid gravhaug som vart undersøkt i starten av 1890-åra. Det vart avdekt i alt fire graver. Sentralt i haugen låg to mannsgraver med rikt våpenutstyr. I utkanten av haugen vart det funne to kvinnegraver. Brannskadene på utstyret syner at lika har vore brende i tråd med den tids gravskikk. Det rike krigarutstyret tyder på at dei gravlagde var av høvdingklassen. Spydspissen med runeinskripsjonen er 28 cm lang og av jarn. Han er av ein søraust-europeisk type og høyrer i dag til Universitetets Oldsaksamling i Oslo.

Tilvisingar[endre | endre wikiteksten]

  1. Arild Hauge: Norske runeinnskrifter med eldre runer
  2. 2,0 2,1 Havnevik, Ivar (red.) 2005 Den store norske diktboken, Pax Forlag, Oslo. ISBN 82-530-2818-0
  3. Høst, Gerd 1976 Runer. Våre eldste norske runeinnskrifter, Aschehoug, Oslo. ISBN 82-03-08068-5 og ISBN 82-03-08069-3.
  4. Nynorskordboka, Det Norske Samlaget, Oslo 1986. ISBN 82-521-2165-9.