Øya Ro

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Øya Ro is located in Hellas
Plasseringa til Ro

Ro (gresk Ρω, tyrkisk Kara Ada) er ei øy i Hellas som høyrer til Dodekanesane aust i Middelhavet. Øya har eit areal på 1,6 km². Ho ligg vest for Kastellórizo og berre få kilometer frå sørkysten av Tyrkia.

Ro har aldri vore busett gjennom historia, bortsett frå ein gresk patriot som gjorde ho kjend, Déspina Akhladióti. Kvar dag heiste Akhladióti eit gresk flagg, klart synleg frå tyrkisk jord, på øya. Denne patriotiske handlinga gjorde Akhladióti kjend rundt om i Hellas fram til ho døydde i 1982.

Ein liten gresk militærstyrke er i dag stasjonert på øya, mellom anna for å halde fram tradisjonen med å heise flagget.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]


Dodekanesane

Agathonísi • Pátmos • Arkí • Lipsí • Léros • Farmakonísi • Kálymnos • Ímia • Psérimos • Télendos • Astypálea • Kos • Nísyros • Jyalí • Kárpathos • Saría • Kásos • Tílos • Sými • Khálki • Ródos • Kastellórizo (Mejísti) • Ro • Strongylí Kastellorízou

Koordinatar: 36°09′N 29°30′E

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.