Øyar i Firth of Forth

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Satellittbilete av Firth of Forth og det omliggande området

Øyane i Firth of Forth er ei lita øygruppe aust i Skottland. Firth of Forth ligg mellom Fife og Lothian. Det er få øyar på austsida av Skottland, og dei fleste av dei ligg i denne gruppa.

Isle of May sett frå nord
Militære kaianlegg, festningsverk og byggverk på Inchmickery

Av øyane i gruppa finn ein:

I tillegg finn ein

Ingen av øyane har mange innbyggjarar og berre få av dei har permanent busetnad i det heile. Det var tidlegare ein landsby på Isle of May og det har vore kloster, eremitasjar og festningsverk på dei andre øyane. Sidan mange av øyane har forstavinga «Inch-», vert dei stundom omtalte i eit ordspel, «How many inches is the Forth?», som spelar på at 'Inch' (Innis), er det gæliske ordet for «øy» og inch, som er eit lengdemål.

Øyane er delt inn i to grupper, dei i den indre delen av fjorden, nær Edinburgh, Leith og South Queensferry på sørsida og Burntislandog Aberdour på nordsida (i Fife), samt dei utanfor East Lothian, særleg nær North Berwick og Gullane

Fjorden er eit viktig naturområde. Øyane i Firth of Forth har status som Special Protection Area, særskildverneområde, og her hekkar over 90 000 sjøfugl kvart år. Det er eit fugleobservatorium på Isle of May.

Craigleith med Bass Rock bakom

Øyane like utanfor fjorden[endre | endre wikiteksten]

Eit par øyar ligg òg like utanfor Firth of Forth, mellom anna Inchcape, som er eit farleg skjer.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]