Øyrebetennelse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Øyrebetennelse
Medisinsk namn: otitt
Left ear.JPG
Klassifikasjonar og ressursar
ICD-10-kode: H66
ICD-9-kode: 382
DiseasesDB 9406

Øyrebetennelse (latin otitt) er ein vanleg sjukdom, som hovudsakleg råkar barn. Han er i utgangspunktet ufarleg, men kan i somme tilfelle gje varig hørselstap.

Generell etiologi og patogenese[endre | endre wikiteksten]

Øyrebetennelse kan råke personar i alle aldrar, men barn er særskild utsett. Enkelt barn er plaga med hyppige øyrebetennelsar. Om det er råka tre gonger siste seks månader eller fire gonger siste året er det å rekne for eit øyrebarn.

Øyrebetennelse kan oppstå som følgje av både virus og bakteriar. Dei bakterielle er meir alvorlege, og gjev som regel større allmennpåverknad enn dei virale.

Vi deler øyrebetennelsane inn i fleire hovudtypar.

Ytre øyrebetennelse (ekstern otitt)[endre | endre wikiteksten]

Etiologi og patogenese[endre | endre wikiteksten]

Ytre øyrebetennelse er ein vanleg tilstand, og vert karakterisert av ein betennelse i den ytre øyregangen. Vanlege mikrober som er årsak til ytre øyrebetennelsar er følgjande:

Symptom[endre | endre wikiteksten]

Det dominerande symptomet er kløe i øyregangen. Det kan òg merkast ved at øyregangen vert raud og hoven.

Behandling[endre | endre wikiteksten]

Behandling består i hovudsak av eigne tiltak. Det viktigaste er å la øyregangen vere i fred: ikkje pirke, klø, reinse, skylje, bruke øyreproppar eller hovudtelefonar. I tillegg kan øyregangen reinsast av ein lege, for så å dryppast med antibiotika og/eller glukokortikoidar.

Simplexotitt[endre | endre wikiteksten]

Dette er den vanlegaste mellomøyrebetennelsen. Han kjem av bakteriar eller virus, og går over av seg sjølv utan behandling. Han gjev moderat smerte, og veldig lite allmennpåverknad. Den kan derimot utvikle seg til ein akutt mellomøyrebetennelse.

Akutt mellomøyrebetennelse (otitis media)[endre | endre wikiteksten]

Symptom og forløp[endre | endre wikiteksten]

Denne øyrebetennelsen gjev større grad av allmennpåverknad med feber og slappheit. Det er òg kraftige smerter i øyret, og det kjem gjerne puss frå øyregangen. Feberen pleier å minke etter 2-3 dagar og resten av symptoma kan henge i opp til ei veke.

Betent trommehinne ved mellomøyrebetennelse

Patogenese[endre | endre wikiteksten]

Denne betennelsen kjem gjerne som følgje av ein øvre luftvegsinfeksjon. Han oppstår som følgje av bakteriar, hyppigast éin av følgjande:

Behandling[endre | endre wikiteksten]

I Noreg seier retningslinjene at han i utgangspunktet ikkje skal behandlast med antibiotika, då naturleg sjukdomsgang gjev større grad av immunitet mot seinare infeksjonar. Komplikasjonar til ubehandla mellomøyrebetennelsar er sjeldne, og tida sjukdommen varer vert særs lite redusert av antibiotika. Ved komplikasjonar og hos øyrebarn (sjå over) skal ein derimot behandle med antibiotika. Det vert då i første rekkje nytta penicillin.

Ein gjev mellombels smertelindrande behandling til alle. Paracetamol er eit førsteval.

Mastoiditt

Komplikasjonar[endre | endre wikiteksten]

Det er sjeldan med komplikasjonar, men dei kan oppstå:

  • Forholdsvis uproblematiske
    • Hòl på trommehinna
    • Sekretorisk mellomøyrebetennelse (sjå under)
  • Krev sjukehusbehandling

Sekretorisk mellomøyrebetennelse[endre | endre wikiteksten]

Etiologi og patogenese[endre | endre wikiteksten]

Sekretorisk mellomøyrebetennelse kan oppstå som ei følgje etter akutt mellomøyrebetennelse. Elles er det forbunde med dårleg funksjon av øyretrompeten, anten på grunn av at denne er dårleg utvikla, eller at utvekstar (polyppar) i øvre del av svelget stenger for han.

Symptom[endre | endre wikiteksten]

Dette er ein øyrebetennelse som ikkje gjev særleg mykje symptom bortsett frå sekret frå øyregangen.

Behandling[endre | endre wikiteksten]

Behandling er vanlegvis ikkje naudsynt, då betennelsen går over av seg sjølv. Nokre gonger går han derimot over til å verte ein kronisk øyrebetennelse.

Kronisk øyrebetennelse (kronisk otitt)[endre | endre wikiteksten]

Diagnose[endre | endre wikiteksten]

Ved vedvarande hòl på trommehinna (over 2-3 månader) eller ved påvising av kolesteatom vert diagnosen kronisk øyrebetennelse.

Symptom[endre | endre wikiteksten]

Denne tilstanden har ofte veldig få symptom. Hòlet i trommehinna kan derimot gje eit lite konduktivt hørselstap.

Kolesteatom

Komplikasjonar[endre | endre wikiteksten]

Om hòlet i trommehinna er perifert i hinna, kan det gje opphav til ein svulst kalla kolesteatom. Kvifor kolesteatomet oppstår veit ein ikkje heilt sikkert, men ein reknar med at det skuldast at epitelceller frå øyregangen flassar av, og kjem inn i mellomøyret gjennom hòlet i trommehinna. Her hopar det seg opp kolesterolhaldige celler som dannar ein klump: kolesteatomet. Dette er ein frykta komplikasjon som kan øydeleggje det omkringliggande vevet om kolesteatomet får vekse seg stort nok. Det kan gje eit varig sensorineuralt hørselstap.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]