Øyrevoks

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Våtaktig menneskeleg øyrevoks på ein bomullspinne.

Øyrevoks (latin cerumen) er eit gulaktig kjertelsekret som finst i den ytre øyregangen, meatus acusticus externus, hos dei fleste pattedyr. Det vert produsert i ein modifisert type sveittekjertel, glandula ceruminosa, som ligg i huda i den ytre øyregangen. Funksjonen til øyrevoksen er å hindre uønskte partiklar, som til dømes insekt og støv, i å nå det indre øyret.

Nokre menneske fjernar ofte noko av øyrevoksen ved hjelp av ein bomullspinne. Problemet med å bruke bomullspinner er at ein dyttar øyrevoksen lengre inn i øyra, og kan dessuten skade huda i øyregangen og dermed gjere ein sårbar for ytre øyrebetennelse. Ein betre måte å fjerne øyrevoks på er å dryppe nokre dropar øyrevoksfjernar ein får kjøpt på apoteket eller vanleg matolje inn i øyret og la denne løyse opp voksen over natta. Dersom det er særs mykje voks kan ein skylje ut den oppløyste voksen med ein skyljeballong. Det er viktig å passe på å bruke kroppstemperert vatn, og å få alt vatnet ut att etter skyllinga. Ein bør ikkje sprøyte vatnet inn i øyret med for høgt trykk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]