Øystein Djupedal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Øystein Djupedal vert gratulert som Kunnskapsminister på Løvebakken, 17. oktober 2005
Foto: Eivind frå Wikimedia Commons

Øystein Kåre Djupedal (fødd 5. mai 1960) i Oslo er ein norsk politikar for SV. Djupedal var nestleiar i Sosialistisk Venstreparti frå 1997 til 2005, stortingsrepresentant frå 1993-2009 og kunnskapsminister frå 2005-2007.

Utdanning og yrke[endre | endre wikiteksten]

Djupedal tok artium ved Trondheim Katedralskole i 1979 og utdanna seg til typograf ved Brundalen videregående skole i 1981–1983. Han var lærling ved Wennbergs trykkeri AS og tok svennebrev i litografi i 1985.

Stortinget[endre | endre wikiteksten]

Han har vore stortingsrepresentant for Sør-Trøndelag sidan 1993, og sat i fire periodar på Stortinget, til han gav seg som stortingspolitikar då den fjerde stortingsperioden gjekk ut i 2009.[1]

Regjering[endre | endre wikiteksten]

Frå 17. oktober 2005 til 18. oktober 2007 var han kunnskapsminister i regjeringa Stoltenberg II. Han og miljøvernminister Helen Bjørnøy trekte seg frå regjeringa i oktober 2007, etter intern og ekstern kritikk mot innsatsen og gjennomslagskrafta deira.

Djupedal innleidde «barnehageløftet» i den andre Stoltenberg-regjeringa, stoppa veksten i privatskular i Noreg gjennom ei tilstramming i privatskulelova. I skulepolitikken stod han derimot for ei vidareføring av det Kunnskapsløftet som føregjengaren Kristin Clemet gjennomførde, med meir fokus på resultatmåling, nasjonale prøver og individuelt tilpassa opplæring og evaluering.

Fylkesmann i Aust-Agder[endre | endre wikiteksten]

Djupedal vart i Statsråd 19. desember 2008 utnemnd til fylkesmann i Aust-Agder for ein periode på seks år.[2] Dette var ei utnemning som vart møtt med kritikk.[3] Øystein Djupedal melde seg fyrst som søkjar ein månad etter at søknadsfristen var gått ut, etter å ha vorte beden om å søkje på stillinga av fornyingminister Heidi Grande Røys.

Familie[endre | endre wikiteksten]

Øyvind Djupedal er gift og har tre ungar. Han er son av Reidar Djupedal.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Gir seg på Stortinget. Aftenposten.no (1. mars 2008).
  2. Offisielt frå statsrådet 19. desember 2008. Statsministerens kontor.
  3. Tøff start for Djupedal. NRK Trøndelag (19. desember 2008).
Spire Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.