Øystein Eliassen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Øystein Eliassen

Fødd21. mai 1922
Død6. mars 1997 (74 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar
Alle verv
  • ordførar i Sykkylven Sjå dette på Wikidata

Øystein Eliassen (21. mai 19226. mars 1997)[1] var ein norsk lokalpolitikar

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Eliassen vart fødd på Ikornnes i 1922 av foreldre Anna f. Grebstad og Erling Eliassen. Etter få år flytte familien til Vik og seinare Aure.

I undomsåra var han med i speidaren, losjen og styremedlem i Sykkylven fril. ungdomslag og Sykkylven idrottslag (kasserar). Eliassen var med og starta Sykkylvsbladet og var forretningsførar der frå starten av.

Kulturelt og politisk arbeid[endre | endre wikiteksten]

Det kulturelle arbeidet førte han inn i politikken. Han vart vald inn i kommunestyret første gong i 1945 for perioden 1946-1947 Etter ei pause vart han vald inn på nytt frå 1/1-1956. Han gjekk først ut 31/12-87, i alt 34 år. I formannskapet var han medlem i 16 år, ordførar 6 år (1970-75) og varaordførar dei to åra før. Han sat i fleire kommunale nemnder: trygdekassestyret, tomtetingingsutvalet, formann i idrottutvalet, formann i opplysningsrådet, formann i bygdesoge- og museumsnemnda frå og med 1974, formann i forliksrådet frå 1967.

Prosjekt som vart løyste i hans tid i politikken var ny sjukeheim, småbåthamn på Aure, ny prestebustad, byggefelt i: Tusvik, på Ikornnes, i Straumgjerde, Grebstadlia på Grebstad og i Ramstaddal.

Fylkespolitikar[endre | endre wikiteksten]

I fylkestinget møtte han som vald representant 1970/75. I 1975 melde han seg ut av Det Norske Arbeidarpartiet som han hadde representert til no og stilte på Upolitisk fylkesliste og vart vald for åra 1976/83. I alt sat han fire år på fylkestinget, derav 8 år i fylkesutvalet. Han var med i ei rekke nemnder på fylkesplan. Han vart også vald som fylket sin representant i styret for L/L Tussa Kraft, Møre og Romsdal Materialprøvingsanstalt og Sykkylven skule-, dagheim- og internat. Han var formann heile tida 1970-1987 i A/S Aursnes Férjekai som finansierte ny riksveg Aure - Aursnes, flytting av ferjeleiet frå Aure til Aursnes 1973, og ny riksveg Aure - Tynes 1986. Han var også formann i byggenemnda for ny kai på Aure (ferdig 1986) og var i styret for Sykkylven Godsterminal A/S som bygde nytt terminalbygg i 1986.

Då Eliassen slutta i kommunestyret i 1987 fekk han Norske Kommuners Sentralforbund sin medalje.

I arbeidslivet[endre | endre wikiteksten]

  • 1937-45: fabrikkarbeidar hos Martin Solnørdal Trikotasjefabrikk
  • 1946-50: butikkbetjent Sykkylven Handelslag, kontormann (rekneskapsførar),
  • 1951-90: likningssjef i Sykkylven kommune.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Intervju med Øystein Eliassen 1992
  • Årbok 1996 til Sykkylven sogenemnd
  • Kommunestyreprotokollar etter 1945
Fotnotar