Øystein Erlendsson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Øystein Erlendsson

Fødd1120-åra
FødestadNoreg
Daud31. desember 1188
DødsstadTrondheim
Yrkeprest, skribent
Helgendag26. januar

Øystein Erlendsson[a] (ca. 112026. januar 1188) var den andre erkebiskopen av Nidaros, og levde under borgarkrigstida. Han var med på å styrka kyrkja si stilling i Noreg, og kan reknast blant dei viktigaste norske kyrkjeleiarane. Øystein er den einaste norske erkebiskopen som er rekna som ein helgen, men han er aldri blitt kanonisert av paven.

Ætt[endre | endre wikiteksten]

Øystein var knytt til dei fremste ættene i landet. Snorre Sturlason skildra ætta hans i Soga om Harald Hardråde. Øystein vart av Snorre skildra som ein dugande mann av god ætt, han var rik på både gods og venskap. Mellom anna nedstamma han frå stormannen Erling Skjalgsson.

Far til Øystein erkebisp og brørne hans var Erlend Himalde, son av Jon Sterke på Råsvoll, som var son av islendingen Ulv Uspaksson. Ulv var kong Harald Hardråde sin stallar og gode ven og var gift med Jorunn Torbergsdotter, ei syster av Tora Torbergsdotter, som var gift med Harald Hardråde. Jorunn og Tora var døtrer av Torberg Arnesson, som var gift med Ragnhild Erlingsdotter, dotter av Erling Skjalgsson. Torberg Arnesson var bror av Kalv Arnesson, som skal ha drepe kong Olav I den heilage i Slaget på Stiklestad. Brørne høyrde til Arnmødlingsætta, og erkebiskop Øystein stamma dermed også frå denne norske stormannsætta .

Ætta gjorde til at Øystein hadde mange frendar og vener. Øystein ynskte å styrkja økonomien til erkebispesetet i Nidaros, og han tinga med bøndene for å få løyve til å krevja inn høgare pengebøter. Bøndene gjekk med på å betala bøtene i «sølvvurdert øre» som var verd dobbelt så mykje som den vanlege mynten. Erkebispesetet tente dermed tilsvarande mykje på avtala. Ifylgje Snorre kunne han gjera dette med stønad av frender og vener. «Dei fleste stormennene i Trondheimen og erkebiskopen var ihopbundne ved frendskap og giftarmål, og alle var heilt ut venene hans.»

Liv[endre | endre wikiteksten]

Øystein vart truleg fødd mellom 1120 og 1130 på garden Råsvoll eller Rosvoll, anten i Børsa sør for Trondheim eller i Verdal nord for Trondheim.

Kart over Saint-Victor-klosteret i Paris frå 1572.

Øystein fekk si første utdanning i Nidaros (Trondheim) av biskop Simon og studerte utanlands frå om lag 1140. Det er mogleg at han studerte i Lincoln i England eller i Paris i Frankrike, ved det nyleg grunnlagde augustinarklosteret Saint-Victor. Dette klosteret vitja han i alle høve under si seinare italiareise. Her blei han truleg påverka av den gregorianske reformrørsla, som gjekk inn for ei sterkare kyrkje som kunne gripa inn i og regulera samfunnet og livet til enkeltmenneske.

Eit propagandaskrift for kong Sverre Sigurdsson, «Ein tale mot biskopane» frå om lag 1200, nemner i forbifarten at Øystein var kapellan og fehirde hos kong Inge I Krokrygg (1136-1161). Han var sokneprest i Konghelle ved Göta älv.

Den første erkebiskopen i Nidaros, Jon Birgersson, døydde i 1157. Ifølgje «Ein tale...» valde kong Inge Eystein til erkebiskop «utan å spørre nokon lærd mann i Trondheimen, enten korbrør eller andre». Vi veit ikkje om ein hadde rukke å oppretta domkapittel som kunne foreta eit formelt val, men det er all grunn til å tru at det verkeleg var kong Inge som stod bak. Valet skjedde truleg i 1158 eller 1159.

Erkebiskop[endre | endre wikiteksten]

Kong Magnus V Erlingsson tek hyllest frå lendmennene etter at Øystein Erlendsson har krona han med paveutsendinga Stefanus til vitne. Teikna av Erik Werenskiold til Heimskringla.

Den nyvalde erkebiskopen, den andre hittil i Noreg, reiste til Italia for å ta imot bispevigslinga og palliet sitt. Eit pallium er katolske erkebiskopar sitt embetsteikn, og vert tildelt av paven. Den norske feiringa den 12. september av fingergullmesse, eller fingergullfesten, har samband med denne ferda. Erkebiskopen skal ha teke med seg til Nidaros ein kapsel med blod frå Jesus Kristus.

Truleg vart Øystein utnemnd til erkebiskop fyrst i 1161 av pave Alexander III. Han fekk ikkje palliet av pave Hadrian IV, som hadde oppretta erkebispestolen i Nidaros i 1153 medan han endå var kardinal. Hadrian IV døydde den 1. september 1159, difor reknar ein med at Øystein med sitt følgje ikkje drog sørover frå Noreg før ein gong utpå sommaren eller hausten 1159. Etter ei innskrift i Nidarosdomen innvigde Øystein Johanneskapellet den 26. november 1161, det første året han var erkebiskop.

I 1163 vart det på initiativ av erkebiskop Øystein og Erling Skakke fastsett nye reglar for kva som skulle til for å verta lovleg konge. Trass i dette var desse stridane innleiinga til borgarkrigstida i Noreg, der fleire kongsemne kjempa mot kvarandre.

Kong Magnus V Erlingsson, den mindreårige sonen av lendmannen Erling Skakke, vart som den fyrste kongen i Noreg krona, av erkebiskop Øystein Erlendsson i Bergen i 1164. Paveutsendinga Stefanus var vitne.

Då kong Sverre og birkebeinane etter kvart fekk kontroll over større delar av riket, såg Øystein seg tvungen til å reisa utanlands. Han budde i Nord-England i kring tre år, før han vende attende til Noreg sommaren 1183. Etter kvart forsona han seg meir med kong Sverre.

Erkebiskop Øystein døydde den 26. januar 1188, natta etter pålsmesse. I 1188 vart augustinaren Eirik Ivarsson av Stavanger vald til erkebiskop av Nidaros, etter Øystein.

Verk[endre | endre wikiteksten]

Lovar[endre | endre wikiteksten]

Alliansen med Erling Skakke og sonen Magnus Erlingsson førte til skapinga av fleire lovar og privilegium. Kroningseiden til Magnus Erlinggson, ein ny tronfylgjelov, ein no tapt kristenrett kalla «Gullfjør», ein revisjon av Frostatingsloven og truleg også kyrkjelovsamlinga Canones Nidrosienses var resultat av samarbeidet

Tronfylgjelova under Magnus Erlingsson (1163/64) innførte at for å koma på trona måtte ein vera fødd innanfor ekteskap, og faren skulle vera av kongsætt. I tillegg skulle det berre vera ein konge om gongen.

I kroningseiden gav kongen løfte om truskap til pavestolen og ein god del sjølvstyre til kyrkja. Privilegiebrevet frå kongen til kyrkja gav kyrkja rett til å halda frie bispeval, visse handelsprivilgium og la fram strenge straffer for vald rundt domkyrkja eller åtak på pilegrimar. Det går fram at trona høyrer til Gud og kyrkja, som gjev styret over riket til ein konge som blir vasall under Heilag-Olav.

Øystein Erlendsson og Nidarosdomen[endre | endre wikiteksten]

Skulpturen av erkebiskop Øystein på Nidarosdomen.

På vestfronten av Nidarosdomen er det sett opp ein skulptur laga av bilethoggaren Stinius Fredriksen. Skulpturen skal førestilla erkebiskop Øystein. Skulpturen ber på ein katedral i miniatyr, som skal vera den katedralen Øystein bygde i Nidaros. Frå opphaldet i England hadde han med seg impulsar frå den nye gotiske stilretninga. Før han reiste hadde bygginga av ein katedral i Trondheim teke til. Han lét den vidare utbygginga av Nidarosdomen vera prega av engelsk gotisk stil. Bygginga av erkebispegarden i Trondheim gjorde Øystein òg opptak til. Øystein er rekna som ein av dei største byggherrane av Nidarosdomen.

Passio Olavi[endre | endre wikiteksten]

Øystein Erlendsson skal vera opphavsmannen til det oppbyggjelege skriftet og legendesamlinga Passio Olavi. I fyrste delen høyrer ein om historia og verket til kong Olav II den heilage, med særleg vekt på misjonsverksemda hans. Undergjerningane utgjer andre del av boka. Tittelen er ei forkorting for Passio et miracula beati Olavi, eller Heilag-Olav sine lidingar og undergjerningar.

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Øystein har vore rekna som ein av fire norske helgenar. I 1229 blei han heilagkåra lokalt, men helgenprosessen i Roma gjekk i stå.

Først i 2002 slo Liturgikommisjonen i Vatikanet fast at den katolske kyrkja i Noreg kunne feira minnedagen hans den 26. januar som «fest» i Trondheim stift og som valfri minnedag i Oslo og Tromsø. Dagen har vorte kalla St. Eysteins dag eller Eysteindagen.

To katolske kyrkjer er vigd til erkebiskopen: St. Eysteins kirke i Bodø og St. Eystein kirke i Kristiansund.

Merknader[endre | endre wikiteksten]

  1. Norrønt Eysteinn Erlendsson, latinisert til Augustinus Nidrosiensis (Augustinus var sjølvvald, Oistanus kan elles nyttast som ei latinisering av Øystein). Det norske namnet kan òg stavast Øystein Erlendson, Øystein Erlandsson eller Eystein Erlendson. I Heimskringla av Snorre Sturlason vert han omtala som Øystein erkebisp.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Erik Gunnes: Erkebiskop Øystein, statsmann og kirkebygger, Oslo 1996. ISBN 82-03-22144-0
  • Bente Opheim: «Med stønad frå frendar og vener» Slektskap og venskap som partidannande faktorar i den norske innbyrdesstriden 1130-1208. Hovudoppgåve i historie, Universitetet i Bergen 1996. Nettutgåve
  • Passio Olavi, i nynorsk omsetting, med føreord av kapellan Arne Bakken ved Nidaros domkyrkje, Oslo 1995 ISBN 82-521-4397-0
  • Eirik Vandvik: Erkebiskop Eystein som politikar, Trondheim 1961.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Øystein Erlendsson