Øystein Grødum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Øystein Grødum under VM i Moskva 2005.

Øystein Grødum (fødd 15. februar 1977) er ein norsk skøyteløpar. Han representerer Arendal Skøiteklubb.

I 2004 vart han nr. 5 på 10 000 m i VM enkeltdistansar, og sesongen etter var han nærast uslåeleg i verdscupen på dei lengste distansane. Han var favoritt på 5000 m og særleg på 10 000 m før VM i Inzell i 2005, men vart sjuk og stilte ikkje til start. I 2005 tok han ein 8. plass samanlagt både i EM og VM.

Grødum vart noregsmeister på 10 000 m i 2001 og på 5000 m i 2005.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]