Øyvind Finnson Skaldespille

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Øyvind Finnson Skaldespille (Eyvindr Finnsson Skáldaspillir) var ein norsk skald, truleg fødd på SandnesAlsta eller på Tjøtta omkring år 912.

Mor til Øyvind skal vere Gunnhild Halvdansdotter, dotter til Halvdan Jarl og Ingebjørg Haraldsotter, dotter til Harald Hårfagre. Faren skal vere Finn Skjalge, son til lendmannen Øyvind Lambe og Sigrid på Sandnes.[1] Øyvind var far til Hårek på Tjøtta.

Øyvind Finnson var ein sentral skald og rådgjevar i hirda til Håkon den gode.

Tilnamnet Skaldespille er ikkje sikkert forklart, men kan ha samanheng med at Øyvind ved å plagiere eldre verk braut reglane for god skaldeskikk.[2] Tilnamnet kan òg tolkast som «han som heller ut skaldskap».[3]

Øyvind Finnson er skalden det er vist til i andre verset av den norske nasjonalsongen «Ja vi elsker».

Kjende dikt av Øyvind Finnson er

  • Håkonarmål om Håkon den gode
  • Håløygatal til Håkon Jarl

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Oddvar M. Ulvang i «En smakebit av Eyvind Finnson Skaldespillers liv og diktning» i Årbok for Helgeland 2006
  2. http://www1.uis.no/fag/Learningspace_kurs/guide/Tidslinjer/Litteraturhistorie/tekstsider/norrontid/norrontid.htm
  3. Oddvar M. Ulvang i «En smakebit av Eyvind Finnson Skaldespillers liv og diktning» i Årbok for Helgeland 2006