Øyvind Korsberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Øyvind Korsberg

Fødd31. januar 1960 (64 år)
Tromsø kommune
Statsborgar avNoreg
PartiFramstegspartiet (2017)
Yrkepolitikar
Alle verv

Øyvind Korsberg (fødd 31. januar 1960 i Tromsø) er ein norsk politikar for Framstegspartiet). I perioden 2001-2005 var han innpiskar for stortingsgruppa. Han vart vald inn på Stortinget frå Troms fylke i 1997, og sat frå 1997 til 2005 i Stortingets energi- og miljøkomité, I same periode var han også medlem av Stortingets delegasjon til Nordisk Råd.

8. oktober 2009 vart Korsberg vald til 1. visepresident i Stortinget.

Korsberg har markert seg sterkt som skeptikar i klimadebatten, Han avviser i eit intervju med Nettavisen funnet til SNs klimapanel om at oppvarminga av klimaet er menneskeskapt som "fullstendig hysteri", skremselspropaganda og konsprasjonsteoriar. Målet til SN er berre meint for å skade industrien.[1] Han markerer seg også som motstandar av føre-var-prinsippet.[2]

Lokalpolitisk har han markert seg som markant motstandar av OL i Tromsø 2018. Han har særleg markert seg som ein motstandar av Bjørge Stensbøl og leiinga i OL 2018 som han både gjev skulda for å vere amatørmessig og samtidig profesjonelle lobbyistar.[3]

Stortingskomitéar[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Nettavisen: Frps klimaekspert blånekter, arkivert frå originalen 11. november 2013, henta 24. november 2010 
  2. Kronikk: Om politikk, tryllepulver og sånn…, arkivert frå originalen 28. september 2006, henta 31. mars 2006 
  3. NRK:Stensbøl bør fjernes.[daud lenkje]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]