Øyvind Rauset

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Øyvind Rauset (fødd 3. oktober 1953 i Oslo) er ein norsk grafisk designer, illustratør og musikar.

Øyvind Rauset har utdanning frå Statens Håndverks- og Kunstindustriskole, Kunstakademiet og Østlandets musikkonservatorium. Han er kjent for ein brei produksjon innan visuell kommunikasjon. Rauset har lagd bok- og cd-omslag, formgjeve bøker og , utforma logoar og kongelege monogram, arbeidd med foto, webdesign og meir. Han arbeider òg som biletkunstnar.

Øyvind Rauset spelar fleire instrument og komponerer musikk. Han spelte mellom anna fele i den norske folkrockgruppa Folque frå 1977 til 1984 og har skrive fleire kjenningsmelodiar for TV. I tillegg har han spelt i Bazar, Oslo Radio-Orkester, Strengegjengen og Ym-Stammen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]