Øyvind Sandberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Øyvind Sandberg
Fødd24. april 1953
FødestadBergen
Død13. januar 2021 (67 år)
Verka somfilmregissør
MorLiv Sandberg
FarHaakon Sandberg

Øyvind Sandberg (fødd 24. april 1953) er ein norsk journalist og filmregissør frå Bergen, busett på Hjelmås i Lindås. Han driv filmselskapet Øy-Film saman med kona si, Jorunn Botne, og har produsert ei rekkje dokumentarfilmar. Han er særleg vorten kjend for Folk ved fjorden, som han vann Amandaprisen for i 2012.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Øyvind Sandberg kjem frå ein filminteressert familie. Faren Håkon og onkelen Sverre laga dei årlege filmane Streiftog i Bergen frå 1960-talet og utover, også saman med Øyvind.[1] Han var òg med i barne-TV-serien To hus tett i tett der han spelte «Onkel Øyvind på Øyna».

Øyvind Sandberg har studert film ved høgskulen i Volda og litteratur ved Universitetet i Bergen og har også jobba som journalist i Latin-Amerika.[1] Han tok til å laga dokumentarfilmar på 1970-talet og debuterte med «En reise til ishavet» i 1978. Tema i filmane dreier seg ofte om livsstilar og yrke o.l. som ikkje blir vidareført og går mot slutten. Sjølv har han omtala den felles tematikken i filmane sine som «Livsstil på hell», som også er tittelen på ein av filmane hans. Mange av filmane er portrett der han løfter fram kvardagsmenneske, deira tankar, verdiar og livsfilosofi.[2][3]

«Å seile sin egen sjø» (2002), som handlar om norsk kystliv, vann fleire prisar, m.a. på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Folk ved fjorden (2011) vann både prisen for norsk dokumentar ved Bergen internasjonale filmfestival 2011 og Amandaprisen for beste dokumentar.

Sandberg sjølv blei kåra til «Bergens beste bergensar» av Bergens Tidende i 2012.[4]

Filmografi[endre | endre wikiteksten]

Dokumentarar[endre | endre wikiteksten]

  • «En reise til ishavet» (1978) 17 min.
  • «Kom ut og lek, da vel!» (1985) 23 min.
  • «Livsstil på hell» (1989) 29 min.
  • «Ålefiskerne» (1994) 24 min.
  • «Laksefiskerne» (1995) 21 min.
  • «Elmer og Blomsterbåten» (1999) 35 min.
  • «Å seile sin egen sjø» (2002) 90 min.
  • «Kabal i hjerter» (2006) 60 min.
  • «Konsert for tre hester i to takter» (2007) 28 min.
  • «Stunden kommer kanskje aldri tilbake» (2010) 23 min.
  • Folk ved fjorden (2011) 61 min.

Andre filmar[endre | endre wikiteksten]

  • «Ove Morgendrømmer» (1990) 22 min. Barnefilm.
  • «Soria Moria» (1992) 13 min. Kortfilm.
  • «Rått egg og sardinolje» (1997) 11 min. Barnefilm.
  • «Napp» (2000) 5 min.
  • «Bare en kvist» (2004) 4 min. Barnefilm.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]