Úhlava
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Úhlava | ||
|
|
||
| Utspring | Šumava | |
| - Høgd | 1 110 m | |
| Munning | Radbuza | |
| Land i nedslagsfelt | Tsjekkia | |
| Lengd | 108 km | |
| Middelvassføring | 5,78 m³/s | |
| Nedslagsfelt | 919 km² | |
Úhlava (tysk: Angel) er ei 108 km lang elv i Tsjekkia, og ei av sideelvane til Radbuza. Ho har sitt utspring om lag 1110 moh. på den vestre sida av fjellet Pancíř (1214 m) i fjellkjeda Šumava. Ho renn mot nordvest og sidan nordover gjennom landsbyane Nýrsko, Janovice, Bezděkov, Klatovy, Švihov, Lužany, Preštice og Štěnovice før ho munnar ut i Radbuza i Plzeň.
Ei av dei største sideelvane hennar er Chodská Úhlava. Elva har eit nedslagsfelt på 919 km² og middelvassføring ved Štěnovice er 5,78 m³/s.
Kjelde [endre]
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Úhlava frå Engelsk Wikipedia .