Čiovo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Čiovo
Landsbyen Okrug Gornji på Čiovo
Landsbyen Okrug Gornji på Čiovo
Geografi
Croatia - Ciovo.PNG
Stad Adriatarhavet
Koordinatar 43°30′N 16°17′E
Areal 28,8 km²
Høgaste punkt Rudine (218 moh.)
Administrasjon
Land Kroatia
Fylke Split-Dalmatia
Største busetnad Trogir
Demografi
Folketal 4 455 (2001)

Čiovo (italiensk Bua) er ei lita øy i Adriatarhavet utanfor kysten av Kroatia med eit areal på 28,8 km² (lengd 15,3 km, breidd opp til 3,5 km) og eit folketal på 4 455 (2001)[1]. Den høgaste toppen på øya er 218 m (Rudine) (italiensk Monte Bua).

I løpet av eit år fell det normalt 900 mm nedbør her.

Čiovo ligg sentralt i Dalmatia, og vernar byen Trogir og Kaštelabukta. Bortsett frå Trogir ligg det fleire landsbyar på øya Arbanija (Arbania) , Žedno (Nogaro) , Okrug Gornji (Cerchio Superiore), Okrug Donji (Cerchio Inferiore), Slatine (Arona) og Prizidnica (Bua) .

Vegetasjonen er typisk for Middelhavet, og består stort sett av krattvegetasjon (steineik, myrt, burot, einer osv.). På nordsida (som er utsett for boravinden) er det skog av furu og sypress. Det er rikt jordbruk på øya, og det vert dyrka oliven, fiken, mandel, vin og sitrusfrukter.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I mellomalderen hadde Čiovo mange landsbyar og var ein stad for spedalske. Ein har funne spor av den før-romanske kyrkja av St. Peter nær Slatine. Mellomalderkyrkja St. Mavro og den før-romanske kyrkja Jomfru Maria nær sjøen (Gospa pokraj mora) er bevart i Žedno. Folketalet auka på Čiovo auka på 1400-talet då flyktningar flykta frå ottomanarane.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]


Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Čiovo