Čvrsnica

Koordinatar: 43°38′21″N 17°38′29″E / 43.639167°N 17.641389°E / 43.639167; 17.641389
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Cvrsnica
Land  Bosnia-Hercegovina
Fjellkjede Dei dinariske Alpane
Høgd 2 228 moh.
Kart
Čvrsnica
43°37′00″N 17°37′00″E / 43.616666666667°N 17.616666666667°E / 43.616666666667; 17.616666666667
Wikimedia Commons: Čvrsnica

Čvrsnica er eit fjell i Dei dinariske Alpane i Bosnia-Hercegovina, nord i Hercegovina i kommunen Posušje i Vest-Herzegovina. Den høgaste toppen av fjellet er 2 228 meter.

Čvrsnica er omringa av elva Neretva i aust, sideelva hennar Doljanka i nord, elva Drežanka i sør, og Dugo Polje-sletta og Vran-fjellet i aust. Fjellet består av fleire platå — Plas og Muharnica i nord, Mala Čvrsnica i sør. Det er meir en ti toppar over 2 000 meter på fjellet (Plocno 2 228 m, Veliki Jelinak 2 179 m og Veliki Vilinac 2 118 m er dei tre høgaste), vertikale klipper (Pesti brdo, Mezica stijene, Strmenica). Det ligg fleire innsjøar i området, som Blidinje, Crepulja og Crvenjak. Diva Grabovica-gjelet går inn i fjellet.

Fjellet er delt inn i tre klimasoner med bartre over 1 200 meter, eit platår med gras og einer, fleire endemiske artar (som Munikafuru). Av dyreliv finn ein mellom anna gems. Dei tre nemnde klimasonene er middelhavsklima ved foten av fjellet, kontinentalklima i fjellsidene og alpint klima på toppane og platåa. Seks av månadane i året har middeltemperatur under null grader Celsius. Januar og februar har 15-23 dagar med snø, og snødekket kan bli opp til 2,5-3 meter tjukt. Kraftig vind kan derimot lage snøfonner opp til 15 tjukke. Det øvre platået har snødekket frå november til april, men enkelte område kan ha snø året rundt.

43°38′21″N 17°38′29″E / 43.639167°N 17.641389°E / 43.639167; 17.641389