Đeravica
| Đeravica | |
|---|---|
| Høgd over havet | 2656 |
| Ligg i/på | Kosovo |
| Fjellkjede | Prokletije |
| Koordinatar | Koordinatar: |
Đeravica, Djeravica eller Gjeravica (albansk Gjeravica; serbisk Đeravica, Ђеравица) er det høgaste fjellet i Kosovo og det nest høgaste i Prokletije og heile Dei dinariske Alpane. Det har ei høgd på 2656 meter over havet. Fjellet ligg nordvest i Kosovo nær grensa til Albania. I Dei dinariske Alpane er berre Maja Jezercë i Albania høgare med 2694 meter over havet.
Mellom 1992 og 2006 var fjellet det høgaste i Den federale republikken Jugoslavia, og så i statsunionen Serbia og Montenegro. I følgje serbiske styrersmakter som reknar Kosovo som ein del av deira område, er fjellet i dag det høgaste i Serbia.[1]
Fjellet er noko forskjellige frå resten av Prokletije fordi det manglar den steinete, kalksteinsframtoninga som fjella i Albania har. Dette gjer det enklare å nå toppen av fjellet. Det ligg mange små bresjøar nær toppen. Den største av desse er Đeravicasjøen like under toppen, som er kjelda til elva Erenik.
Nærliggande busetnader [endre]
Bakgrunnsstoff [endre]
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Đeravica» frå Wikipedia på engelsk, den 13. februar 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: