İztuzustranda

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
İztuzustranda

İztuzustranda er ei 4,5 km lang strand nær Dalyan, i distriktet Ortaca i provinsen Muğla sørvest i Tyrkia. Stranda er ei smal landtunge, som dannar ei naturleg grense mellom freskvassdeltaet til elva Dalyan og Middelhavet. Det er ein av dei viktigaste yngleområda til glattkarettar (Caretta caretta, ei havskjelpadde) i Middelhavet og vert derfor ofte kalla «Turtle Beach» eller «Skjelpaddestranda». Glattkaretten (Caretta caretta) er på raudlista til IUCN over utryddingstrua dyr. På grunn av dette har stranda vorte verna sidan 1988 som ein del av Köyceğiz-Dalyan verneområde.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]