Święty Krzyż-voivodskapet
Święty Krzyż-voivodskapet Województwo świętokrzyskie | |||||
---|---|---|---|---|---|
| |||||
Land: | Polen | ||||
Hovudstad: | Kielce | ||||
Fylke: | 1 by og 13 landfylke | ||||
Gmina: | 102 | ||||
Folketal: | 1 281 796 (2006) | ||||
Areal: | 11 672 km² | ||||
Folketettleik: | 110 /km² | ||||
Heimeside: | https://www.kielce.uw.gov.pl/ |
Święty Krzyż-voivodskapet (polsk województwo świętokrzyskie eller berre świętokrzyskie) er ein av 16 voivodskap i Polen. Det ligg sør i sentrale område av Polen i den historiske provinsen Veslepolen. Det har fått namn etter Świętokrzyskiefjella og hovudstad og største by er Kielce.
Det grensar til Masoviske voivodskap i nord, Lublin-voivodskapet i aust, Subkarpatiske voivodskap i søraust, Veslepolske voivodskap i sør, Schlesiske voivodskap i sørvest og Łódź i nordvest.
Voivodskapet vart oppretta 1. januar 1999 av dei tidlegare voivodskapa Kielce og vestlege delar av Tarnobrzeg. Det dekkjer eit areal på 11 672 km² og er det nest minste av voivodskapa etter Opole. I 2006 hadde voivodskapet 1 281 796 innbyggjarar.
Byar og landsbyar[endre | endre wikiteksten]
Voivodskapet har 31 byar og landsbyar. Folketala under er frå 2006 [1]:
1. Kielce (207 718) |
17. Kazimierza Wielka (5 730) |
Administrativ inndeling[endre | endre wikiteksten]
Święty Krzyż-voivodskapet er delt inn i 14 fylke (powiat), som er eitt byfylke og 13 landfylke. Desse er igjen delt inn i 102 kommunar (gmina).
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Świętokrzyskie Voivodeship» frå Wikipedia på engelsk, den 23. mai 2008.