Świadectwo av Vangelis og Robert Jansson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Świadectwo
Filmmusikkalbum av Vangelis og Robert Jansson
Utgjeve 2008
Sjanger Filmmusikk
Selskap Agora
Vangelis og Robert Jansson-kronologi 
El Greco Original Motion Picture Soundtrack
(2007)
Świadectwo The Collection
(2012)


Świadectwo er eit filmmusikkalbum for ein polsk dokumentarfilm med same namn om pave Johannes Paul II som kom i Polen i 2008. Albumet opnar med tre spor av den greske musikaren Vangelis, medan resten av albumet er av Robert Jansson.

Det meste av musikken i filmen var komponert av den polske komponisten Robert Jansson, valde produsentane å bestille tre musikkstykke av Vangelis, for opninga og rulleteksten, og den siste scenen der paven vert gravlagd.

Filmmusikken vart gjeven ut på CD, men berre i Polen. Plata kom innpakka i eit lite hefte på 30 sider med hardt omslag. Albumet startar med dei tre stykka av Vangelis, og held fram med ti spor av Jansson. Musikken til Vangelis vert framført av han aleine på synthesizerar, men i orkesterstil.

Sporet «Sanctus» verkar å vere ein kopi av eit tema Vangelis skreiv for Oliver Stone-filmen Alexander. «Aeternitatem» er eit raskare og meir utførleg stykke. «Humanum Est» er eit langsamt og melankolsk stykke. Robert Jansson-musikken er særs forskjellig frå musikken til Vangelis med lette akustiske tonar meint som bakgrunnsmusikk i filmen.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Vangelis - Part 1
Nr.TittelLengd
1.«Sanctus»4:34
2.«Aeternitatem»1:58
3.«Humanum Est»3:08
Robert Jansson - Part 2
Nr.TittelLengd
4.«Dziecinstwo»7:09
5.«Podroze»4:59
6.«Swiadectwo 1»4:12
7.«Powolanie»4:53
8.«Swiadectwo 2»2:29
9.«Triumf»3:28
10.«Swiadectwo 3»4:03
11.«Nadzieja»4:30
12.«Zlo»1:25
13.«Cierpienie»4:16

Kjelder[endre | endre wikiteksten]