Šarengradska ada

Koordinatar: 45°15′29″N 19°14′42″E / 45.258°N 19.245°E / 45.258; 19.245
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Šarengradska ada
øy
Land  Kroatia,  Serbia
Folketal 0
Kart
Šarengradska ada
45°15′40″N 19°14′30″E / 45.261111111111°N 19.241666666667°E / 45.261111111111; 19.241666666667
Plasseringa til øya

Šarengradska ada (Šarengradøya) er ei i Donau i Kroatia, nær byen Šarengrad.

Under Jugoslavia var øya ein del av Sosialistrepublikken Kroatia. Under den kroatiske sjølvstendekrigen okkuperte den jugoslavisk folkearmeen og serbiske paramilitære styrkar øya. I 1991 vart Kroatia sjølvstendig og Badinter-komiteen avgjorde at grensene mellom republikkane i Jugoslavia skulle verte grensa mellom landa[1], men øya og områda aust i Kroatia var under serbisk kontroll på denne tida.

Etter fredsavtalen i 1998 kom Baranja og austlege område av Slavonia tilbake til Kroatia, men øya Šarengrad, samt øya Vukovarska ada vart verande under serbisk okkupasjon.

I 2002 opna den serbiske armeen eld frå øya mot presidenten Vukovar-Syrmia fylke, Nikola Safer og eskorten hans då han var på veg til eit møte med kollegaer i Serbia. Dette skjedde trass i at følgjet hadde fått offisiell serbisk løyve til møtet.[2][3]

I 2004 trekte Serbia styrkane sine tilbake frå øya, og erstatta dei med serbisk politi, så kroatar har i dag høve til å vitje øya.

Serbarane meiner at sidan øya ligg nærare den serbiske breidda av Donau enn den kroatiske, så høyrer ho til Serbia. Kroatane følgjer derimot avgjersla til Badinter-komiteen, som gjer øya til ei kroatisk øy.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Avgjersla til Badinter-komiteen (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 20. februar 2005, henta 7. februar 2009 
  2. Slobodna Dalmacija: 29
  3. DPI - Foreign Media Monitoring, arkivert frå originalen 16. april 2008, henta 7. februar 2009 

45°15′29″N 19°14′42″E / 45.258°N 19.245°E / 45.258; 19.245