Šipan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Šipan
Geografi
Stad Adriahavet
Koordinatar 42°43′N 17°52′E
Øygruppe Elafitiøyane

Areal 16,22 km²

Høgaste punkt Veliji Vrh (243 moh.)

Administrasjon
Land Kroatia
Fylke Dubrovnik-Neretva

Demografi
Folketal 436 (2001)

Šipan er ei øy i Adriahavet ved kysten av Kroatia og den største av Elafitiøyane, 17 km nordvest for Dubrovnik. Mellom øya og fastlandet ligg Kolocepskisundet. Øya har eit areal på 16,5 kvadratkilometer, ei lengd på 9,1 km og ei breidd opp til 2,6 km. Ho har eit folketal på 436 (2001). Det går to åsryggar av kalkstein langs øya, den høgaste er Veliji Vrh på 243 meter ligg i nordaust, medan den andre ligg i søraust. Desse to ligg rundt eit dolomittsøkk der det vert dyrka oliven, fiken, vindruer, johannesbrødtre, mandel, appelsiner og sitrusfrukter. Det er to hamner på øya, Suđurađ i aust og Šipanska Luka i vest.