Španov vrh

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Španov vrh
fjell
Land  Slovenia
Kart
Španov vrh
46°27′35″N 14°04′11″E / 46.45965°N 14.069602777778°E / 46.45965; 14.069602777778

Španov vrh er eit fjell vest i Karavankane oppfor landsbyen Planina pod Golico i Slovenia med ei høgd på 1361 meter over havet. Det er ein populær turistdestinasjon i april og mai på grunn av dei store engene med narsissar som blømer her då. Fjellet har lett tilkomst til toppen med panoramautsyn til Dei juliske Alpane, Golica og dei omliggande fjelltoppane i Karavankane.

Španov vrh er ein populær skistad om vinteren med skiheisar som tar ein heilt til toppen frå Planina pod Golico. Det er berre ei skiløype ned frå fjellet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]