Žirje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Žirje
Satellittbilete av Žirje
Satellittbilete av Žirje
Geografi
Croatia - Zirje.PNG
Stad Adriatarhavet
Koordinatar 43.6523° N 15.6616° E
Øygruppe Šibenik
Areal 15,06 km²
Administrasjon
Land Kroatia
Fylke Šibenik-Knin
Demografi
Folketal 124 (2001)

Žirje er ei øy i Adriatarhavet ved kysten av Kroatia. Ho ligg i øygruppa Šibenik, om lag 22 km sørvest for byen Šibenik. Det gjer ho til den øya i øygruppa som ligg lengst frå land av dei busette øyane.[1] Øya består av to kalksteinstoppar med ein frodig dal mellom.[2] Ho har eit areal på 15,06 km² og eit folketal på 124 (2001).[3] Folketalet har gradvis minka (720 innbyggjarar i 1953, og 207 i 1981).[2] Den einaste landsbyen på øya heiter òg Žirje. Vegetasjonen på øya er hovudsakleg krattskog.[4]

Hovudnæringae på øya er jordbruk (vindruer, oliven, plommer, fiken og surkirsebær) og fiske.[2][4] Sjøen rundt Žirje er rik på fisk.[5][1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Žirje på adriagate.com
  2. 2,0 2,1 2,2 General Encyclopedia of Yugoslavian Lexicographic Institute, volume 8 (Zagreb, 1982), article Žirje.
  3. Statistisk årbok 2006 for Kroatia
  4. 4,0 4,1 peljar.cvs.hr
  5. Žirje på croatiatouristcenter.com

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]