Žitný ostrov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Žitný ostrov eller Veľký Žitný ostrov (tysk Große Schüttinsel, ungarsk Csallóköz) er ei elveøy sørvest i Slovakia, som strekkjer seg frå Bratislava til Komárno. Ho ligg mellom Donau og forgreininga Vesle Donau, og utgjer ein stor del av Donausletta. Ho er den største elveøya i Europa med eit areal på 1886 km². Ho er 84 km lang og 15-30 km brei.

Dei største byane på øya er Komárno, Dunajská Streda og Šamorín. Øya har ei viktig drikkevasskjelde og er ein viktig jordbruksregion.

Dei sørlege delane av Žitný ostrov ved Donau er verna som Dunajské luhy verna landskapsområde.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 47°57′0″N 17°39′0″E