Žumberak

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Žumberak
Gorjanci frå den slovenske sida. Ein kan sjå TV-tårnet Trdinov vrh.
Gorjanci frå den slovenske sida. Ein kan sjå TV-tårnet Trdinov vrh.
Høgd over havet 1 178 m
Ligg i/på Kroatia, Slovenia

Žumberak (på kroatisk) eller Gorjanci (på slovensk) er eit fjell på grensa mellom Kroatia og Slovenia. Den høgaste toppen er Sveta Gera (Trdinov vrh på slovensk side) på 1 178 m. På den slovenske sida, nær toppen av fjellet, står det eit 90 meter høgt TV-tårn.

I 1999 vart naturparken Žumberak - Samoborsko gorje grunnlagd på den kroatiske sida.

Eit militærkompleks nær toppen av Sveta Gera vart oppretta av den jugoslaviske hæren, og førte til ein krangel mellom dei to nye landa på 1990-talet, men fredeleg diplomati førte til ein slutt på striden. Ein ventar framleis på ei ny opptrekking av grensa mellom Slovenia og Kroatia.

Det isolerte området på den kroatiske sida har alltid hatt få innbyggjarar, og folketalet på om lag 3 000 består hovudsakleg av eldre. Området er òg eit skjeringspunkt for dei tre kroatiske dialektane. Årsaka til dette er at uskokar immigrerte til området frå Senj på 1600-talet, og dette førte med seg ei stor folkemengd som tala štokavisk til området. Žumberak var så ein del av den austerrikske Militærgrensa, som vart danna av habsburgarane som ei forsvarsline mellom riket deira og Det osmanske riket. Žumberak sjølv var ein enklave innanfor Banija og hadde ikkje ei direkte grense mot Det osmanske riket. Dei fleste štokaviarane var ortodokse, som etter press frå austerrikske styresmakter vart gresk-katolske. I dag er det berre få gresk-katolske igjen i området. Den gresk-katolske landsbyen Drage, på den slovenske sida nær landsbyen Suhor, finst derimot framleis.

Landsbyar rundt fjellet er Novo mesto, Metlika, Brežice, Črnomelj i Slovenia og Samobor, Jastrebarsko og Ozalj i Kroatia.