2 Pallas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå (2) Pallas)
2 Pallas ⚴
Oppdaging A
Oppdaga av Heinrich Wilhelm Olbers
Oppdaga dato 28. mars 1802
Alternative namn B
Kategori Hovudbeltet
BaneelementC JPL
Epoke 14. juli 2004 (JD 2453200,5)
Solfjerne (aphel, Q) 510,077 mill. km (3,410 AE)
Solnære (perihel, q) 319,358 mill. km (2,135 AE)
Stor halvakse (a) 414,717 mill. km (2,772 AE)
Eksentrisitet (e) 0,230
Omløpsperiode (P) 1685,927 d (4,62 år)
Gjennomsnittleg banefart 17,89 km/s
Gjennomsnittleg anomali (M) 346,022°
Banehelling (i) 34,852°
Lengda til oppstigande knute ) 173,166°
Perihelargument (ω) 310,529°
Fysiske eigenskapar
Dimensjonar 570·525·482 km
Masse 2,06·1020 kg
Tettleik 4,2 g/cm³
Overflategravitasjon 0,16 m/s²
Unnsleppingsfart 0,35 km/s
Rotasjonsperiode 0,32555 d
Albedo 0,159
Spektralklasse B
Absolutt storleiksklasse: 4,13
Overflatetemperatur: ~165 K

2 Pallas (symbol: ⚴) er ein asteroide i hovudbeltet og var den andre asteroiden som vart oppdaga. Pallas vart oppdaga og namngitt av astronomen Heinrich Wilhelm Matthäus Olbers den 28. mars 1802. «Pallas» er eit namn på den greske gudinna Atene, i nokre soger på ein ven av Atene som ho drap ved ein feil.

Pallas er det tredje mest massive objektet i asteroidebeltet og utgjer omtrent 7 % av massen i regionen. Pallas, i lag med Ceres, 3 Juno og 4 Vesta, var ein gong rekna som planetar før oppdaginga av mange fleire asteroidar førte til reklassifikasjonar. Bana til Pallas er sterkt inklinert i forhold til hovudbelte-planet med sine 34,8°, og eksentrisiteten er nesten like stor som den Pluto har. Overflata består av silikat og har eit spekter likt det karbonhaldige kondrittar har.

Spire Denne astronomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.