(Love Is Like A) Heat Wave

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«(Love Is Like a) Heat Wave»
Singel av Martha and the Vandellas
frå albumet Heat Wave
B-side

A Love Like Yours (Don't Come Knocking Everyday)

Språk engelsk
Utgjeve 9. juli 1963
Innspelt Hitsville USA (Studio A); 1963
Sjanger Soul/pop
Lengd 2:47
Selskap Gordy
G 7022
Komponist Eddie Holland, Lamont Dozier, Brian Holland
Tekstforfattar Eddie Holland, Lamont Dozier, Brian Holland
Låtskrivar(ar) Holland-Dozier-Holland
Produsent Brian Holland
Lamont Dozier
Martha and the Vandellas-kronologi 
«Come and Get These Memories»
1963
«(Love Is Like a) Heat Wave» «Quicksand»
1963


«(Love Is Like A) Heat Wave» er ein hitsong skriven av Holland-Dozier-Holland frå Motown og gjort populær av jentegruppa Martha and the Vandellas i 1963 og seinare av Linda Ronstadt på albumet hennar Prisoner In Disguise frå 1975.

Oversyn[endre | endre wikiteksten]

Songen var ein av fleire songar skrivne og produserte av låtskrivar- og produsenttemaet Holland-Dozier-Holland. «Heat Wave» var den andre hitten som samarbeidet mellom desse og the Vandellas skapte. Den første var «Come and Get These Memories».

Songen vart produsert av komponert med ein gospel-takt, jazz-overtonar og call-and-response-vokal i doo-wop-stil. «Heat Wave» var med dette ein av dei første songane som vart eit døme på det som seinare vart kjend som «Motown Sound». Singelen var eit gjennombrot og nådde fjerdeplassen på Billboard-lista og førsteplassen på R&B-lista i USA.

Andre utgåver og ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Suksessen til «Heat Wave» populariserte både Martha and the Vandellas og Holland-Dozier-Holland og sementerte Motown som ei musikalsk stormakt. Songen har sidan vorte spelt av fleire andre artistar, mellom anna The Supremes (1967, òg på Motown), The Jam (1979 på Setting Sons), The Who på tidlege konsertar og det andre albumet deira A Quick One frå 1966, Joan Osbourne, Linda Ronstadt (som nådde femteplassen på Billboard-lista med songen) og Bruce Springsteen.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]