(No Pussyfooting)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
(No Pussyfooting)
Studioalbum av Fripp & Eno
Utgjeve november 1973
Innspelt 8. september 1972 & 4.–5. august 1973
Sjanger Ambient[1]
Lengd 39:38
Selskap Island
Produsent Robert Fripp, Brian Eno
Kritikk
Robert Fripp-kronologi
(No Pussyfooting) Evening Star
(1975)
Brian Eno-kronologi
(No Pussyfooting) Here Come the Warm Jets
(1973)

(No Pussyfooting) er eit album frå 1973 av dei britiske musikarane Robert Fripp og Brian Eno. (No Pussyfooting) var det første av tre samarbeidsprosjekt mellom dei to og kom ut av dei tidlege lydbandeksperimenta til Eno og Fripp som la elektrisk gitar oppå dette.

(No Pussyfooting) vart spelt inn i løpet av tre dagar over ein periode på eit heilt år. Det var nært knytt til innspelinga av det første soloalbumet til Eno, Here Come the Warm Jets (1973) og vert rekna som eit av dei første eksperimenta hans med ambient musikk.

(No Pussyfooting) kom ut i november 1973 og gjekk ikkje inn på salslistene verken i Amerika eller Storbritannia.[1] (No Pussyfooting) vart møtt med negative reaksjonar frå deira eige plateselskap, Island Records, som var aktivt imot det.[3][4] Eno hadde akkurat gått frå Roxy Music og var i ferd med å starte opp ein solokarriere, og managementet hans var i mot at han skulle gje ut to album med så forskjellig stil.[5] Bandmedlemmane i Robert Fripp sitt King Crimson likte heller ikkje albumet.[3] Rockepressa gav albumet heller lite omtale.[5]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Brian Eno og Robert Fripp

# Tittel Lengd
1. «The Heavenly Music Corporation»   20:55
2. «Swastika Girls»   18:43

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Notes[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]