200-talet fvt.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå -221)
Innhaldsliste |
[endre] Hendingar
- 279 fvt.: Første kjende omtale av Beograd under namnet Singidun
- 264 fvt.: Den første punarkrigen bryt ut då mamertinane på Sicilia ber om assistanse frå både Roma og Kartago for å ta seg av åtaka til Hiero II av Syrakus. Roma svarte først etter at Kartago hadde sendt troppar og den lokale konflikten eskalerte snart til full krig.
- 259 fvt:
- Antiokos II Theos av Selevkidriket gjekk saman med Antigonus II Gonatas av Makedonia om ein gjengjeldingskrig mot Ptolemaios II av Egypt.
-
- Kartagenarar under general Hamilcar nytta sigeren ved Thermae på Sicilia til å ta byen Enna. Hamilcar fortsette sørover mot Siracusa for å prøva å få ny støtte mot romarane derfrå.
- 236 fvt.:
- Eratosthenes blei innsett som den andre leiaren av biblioteket i Alexandria.
- Hamilcar Barca leidde ein militærekspedisjon inn i Hispania.
- Publius Cornelius blei romersk konsul
- 221 fvt:
- Dei kinesiske statkrigane var over då Qin-staten sigra over Qi-staten. Kongen av Qin, kjend som Qin Shi Huang, erklærte seg som den første keisaren av Kina.
-
- Ptolemaios IV av Egypt overtok som farao etter den avdøde faren. Han utnemnde Sosibius til sjefsminister, som fekk mykje makt. Påverka av Sosibius fekk den nye faraoen drepen onkelen Lysimakos, broren Magas og mora Berenike II.
- 210 fvt.:
- Qin Er Shi blei Qin-keisar i Kina
-
- Den andre punarkrigen mellom Romarriket og Kartago.
- Romarane tok tilbake Sicilia og dreiv ut kartagenarane. Matmangel og inflasjon i Roma blei betra.
- I Slaget ved Herdonia i Apulia sør i Italia overrumpla Hannibal den romerske prokonsulen Gnaeus Fulvius Centumalus, som blei drepen, saman med rundt 13 000 romerske soldatar, frå ein hær under 20 000.
- Marcus Claudius Marcellus, vald til romersk konsul for fjerde gong, tok tilbake Salapia i Apulia.
[endre] Fødde
- 18. august 293 fvt.: Bygginga av det eldste kjende romerske tempelet til gudinna Venus, og byrjinga av vinalia rustica.
- 259 fvt.: Qin Shi Huangdi, første keisaren av Kina
- 247 fvt.: Hannibal.
- 236 fvt.: Scipio Africanus
- 210 fvt.: Hui av Han, andre keisaren av det kinesiske Han-dynastiet
[endre] Døde
- 221 fvt.:
- Ptolemaios III av Egypt
- Antigonus III Doson, konge av Makedonia
- Berenike II av Egypt
- 210 fvt.:
- 10. september: Qin Shi Huang, første keisaren av Kina
- Fusu, kinesisk keisarson og forventa tronarving, tok livet sitt
[endre] Asia
- Japan
- Keramikkmaking spreidde seg i heile Japan. Tida mellom 300 f.Kr og 250 e.Kr. blir kalla yayoi.
- Kina
- Byggjing av fleire murar til vern mot nomadekrigarar nord for Qin, Yan og Zhao.
- Wangcheng, hovudstaden til Zhou, voks til 250 000 innbyggjarar ved slutten av århundret.
- Handynastiet blei grunnlagd i 202 f.Kr
- Mongolia
- Jernalderen tok til i Mongolia. Arkeologiske funn av jernsaker i graver viser korleis bruken gradvis spreidde seg sørover mot Baikalsjøen.
- Ein herskarklasse tok til å utvikla seg på dei mongolske steppene.
- Nepal
- Nepal var styrt av kirataene, som innførte buddhismen i landet.
- Arabia
- Arabiske semittiske kongedøme tente seg rike på handel med den greske verda, stort sett i aromatiske urter som røykjelse, myrra og kanel.
[endre] Afrika
- Vest-Afrika
- Nord-Afrika
- Ptolemeardynastiet kom til makta i Egypt
- I Alexandria laga medisinaren og anatomikaren Herophilos det første oversynet over nervesystemet.
- Fyrtårnet i Alexandria blei bygd (rundt 280 f.Kr)
- Nomadiske berbarstammar etablerte mektig kongedøme vest for kartaginarområda.
[endre] Europa
- Ein tok til med vindyrking på Krimhalvøya.
- Romarane erobra Spania.
- Folkevandringar av germanske stammar, som kimbrarar og svebarar, frå nord, truleg Skandinavia, og sørover.
[endre] Amerika
- Mayasivilisasjonen voks og utvikla mellom anna skriftspråk og bygde dei første pyramidane.
[endre] Viktige personar
- Mengzi, kinesisk tenkjar (371 f.Kr.–289 f.Kr.)
- Ptolemaios Soter (om lag 367 f. Kr.–283 f.Kr.)
- Euklid, gresk geometrikar (om lag 365 f.Kr–275 f.Kr.)
- Ptolemaios Philadelphos (284 f.Kr–246 f.Kr.) og konene hans, Arsinoe I og Arsinoe II av Egypt.
- Asjoka, mauryarherskar i India (d. 232 f.Kr.)
- Ptolemaios Euergetes (246 f.Kr–222 f.Kr.) og kona Berenike II av Egypt.
- Ptolemaios Philopater (222 f.Kr–204 f.Kr.) og kona Arsinoe II av Egypt.
- Ptolemaios Epiphanes (204 f.Kr–180 f.Kr.) og kona Kleopatra I av Egypt.
- Apollonius frå Perga, gresk matematikar (rundt 262 f.Kr.–190 f.Kr.)
- Qin Shi Huang, kinesisk keisar (259 f.Kr.–210 f.Kr.)
- Hannibal, kartagensk militærleiar (247 f.Kr.–182 f.Kr.)
<< | -299 | -298 | -297 | -296 | -295 | -294 | -293 | -292 | -291 | -290 | -289 | -288 | -287 | -286 | -285 | -284 | -283 | -282 | -281 | -280 | -279 | -278 | -277 | -276 | -275 | -274 | -273 | -272 | -271 | -270 | -269 | -268 | -267 | -266 | -265 | -264 | -263 | -262 | -261 | -260 | -259 | -258 | -257 | -256 | -255 | -254 | -253 | -252 | -251 | -250 | -249 | -248 | -247 | -246 | -245 | -244 | -243 | -242 | -241 | -240 | -239 | -238 | -237 | -236 | -235 | -234 | -233 | -232 | -231 | -230 | -229 | -228 | -227 | -226 | -225 | -224 | -223 | -222 | -221 | -220 | -219 | -218 | -217 | -216 | -215 | -214 | -213 | -212 | -211 | -210 | -209 | -208 | -207 | -206 | -205 | -204 | -203 | -202 | -201 | -200 | >>