.32 ACP

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
7.65x17 mm Browning ReconTanto.jpg

.32 ACP er ein pistol-patron utvikla av skytevåpenkontruktør John Browning til bruk i sjølvladepistolar (halvautomatiske pistolar). Han er au kjend som 7.65x17 mm Browning eller berre 7.65 Browning. Han vart introdusert i 1899 av den belgiske våpenfabrikken Fabrique Nationale (FN) og først bruka i Browning modell 1900.

Patronen var utvikla for blow-back-pistolar utan ekstra låsemekanisme (breech lock), og .32 ACP var ein passeleg kraftig praktisk blow-back-patron. Patronen blir bruka enda i dag i blow-back-pistolar.

Patronar i kaliber .32 ACP og våpen laga for å bruke dei er lika fordi desse pistolane er kompakte og lette i høve til pistolar med grovare kaliber. I USA er det mange som ser negativt på at desse skota skal ha lita såkalla stoppe-evne. Men dei er likevel eit levedyktig alternativ for sjølvforsvar med kompakte våpen. I Europa er kaliber .32 av dei fleste sett på som tilstrekkjeleg for sjølvforsvar, same kor mykje amerikanske våpensynsarar rakkar ned på det.

Den austerrikske erkehertug Franz Ferdinand og kona hans vart elles begge drepne av ein pistol i .32, ein FN modell 1910, med skot losna av Gavrilo Princip. Denne vidgjetne hendinga i Sarajevo utløyste som kjent første verdskrigen.

Synonym[endre | endre wikiteksten]

Det har vorte vanleg å kalle dette kaliberet kaliber .32 ACP (Automatic Colt Pistol), sidan Colt var blant dei første som masseproduserte patronar i dette kaliberet. Men kaliberet kan au kallast .32 Auto, .32 Browning Auto, 7.65x17 mm, 7.65 mm Browning og heilt enkelt 7.65 Browning. Den siste nemninga er au svært vanleg.

Våpen[endre | endre wikiteksten]

Blant pistolane som brukar dette kaliberet kan nemnast Beretta 1934/1935, FN Browning 1910/1922, Colt 1903, CZ 50/70, Mauser HSc, Sauer 38H, SIG Sauer P230/232, Walther PP/PPK.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Den engelskspråklege wikipediaen [1]