.40 S&W

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

.40 S&W (Smith & Wesson) er ein 10 mm pistol-patron utvikla av det amerikanske våpenfirmaet Smith & Wesson.

Patronen vart utvikla frå ein 10 mm pistol-patron som FBI hadde teke i bruk, men som synte seg å vera for kraftig for somme av FBI-agentane. Rekylen og munningselden var for mykje for dei, særleg i pistolar med kort løp. Ein kom da til at ein patron kraftig nok for hjorte-jakt ikkje trong vera så kraftig i politiarbeid. FBI starta da å bruke ein neddempa versjon, og Smith & Wesson rekonstruerte så denne for å gjera han kortare samtidig som han heldt på yte-evna til den neddempa FBI-patronen. Denne nye patronen viste seg å bli ein suksess.

Patronar i kaliber .40 S&W er om lag same lengda som dei i kaliber 9 mm Parabellum, så mange pistolar utvikla for dette kaliberet kunne produserast i ein .40 S&W-versjon.

Det er kanskje ironisk at den austerrikske GLOCK-pistolen slo Smith & Wesson på marknaden med ein kaliber .40 S&W.

Typisk nok var mange våpensynsarar i USA imot kaliber .40 S&W til å begynne med, og ville halde på den lange og svært kraftige kaliber 10 mm Auto FBI først hadde bruka.

Kaliber .40 S&W har likevel vorte ein stor suksess i USA, der mange ser kaliber 9 mm Parabellum som for svakt, sjølv om .40 S&W berre er litt kraftigare. Stordelen av politiet i USA har no våpen i kaliber .40 S&W, men har altså likevel kjøpt mange av desse våpna frå Europa, slik som GLOCK-pistolen.

Det er elles rapportert fleire hylsefeil med kaliber .40 S&W enn med 9 mm Parabellum, feil som har ført til gasslekkasje og øydelagde våpen.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Engelskspråkleg wikipedia