1. divisjon fotball for kvinner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

1. divisjon fotball for kvinner er den nest øvste divisjonen i norsk fotball for kvinner. Frå den nasjonale seriestarten i 1987 fram til 2000 var 1. divisjon regionalt inndelt, og vinnarane frå dei ulike puljane møttest i eit eller to gruppespel om opprykk. Frå og med 2001 har 1. divisjon vore nasjonal. Mellom 1987 og 1995 gjekk dette nivået under namnet 2. divisjon.

I samsvar med ynskje frå Sandviken vart det den 8. mars 2008 vedteke at 1. divisjon skulle utvidast frå 10 til 12 lag.[1] Alle fylke vore representert i den nasjonale 1. divisjon sidan 2001; Østfold var det siste fylket som vart representert, då Sarpsborg 08 rykte opp i 2010.

Den første sesongen med 12 lag i 1. divisjon vart 2009, noko som medførde at ingen av laga i 1. divisjon rykte direkte ned etter enda 2008-sesong. Linderud-Grei og Gjøvik kom sist, og måtte ut i kvalifisering. Begge lag greidde seg. Den første sesongen med 12 lag, 2009-sesongen, var dramatisk ulik for dei to laga; Linderud/Grei vann og rykte opp, medan Gjøvik rykte ned.

I 2010 var dei to beste laga dei same som i 2003; Sandviken og Medkila. Alta rykte ned etter å ha blitt nummer tre året før. Ein konkurs i divisjonen over gjorde at berre eitt lag rykte ned frå Toppserien og 1. divisjon.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

År Vinnar Opprykk Notar
2012 Avaldsnes 2. plass omgjort frå direkte opprykk til kvalifisering mot 11. plass i Toppserien
2011 Vålerenga Fart
2010 Sandviken Medkila
2009 Linderud/Grei Donn
2008 Sandviken Fortuna Ålesund 1. divisjon utvida til 12 lag, dei to dårlegaste laga i 1. divisjon spelte kvalifisering mot avdelingsvinnarane i 2. divisjon om nedrykk.
2007 Fart Larvik
2006 Asker KattemGrand Bodø[2] Toppserien utvida til 12 lag, 3. og 4. plass i 1. divisjon spelte kvalifisering mot dei to dårlegaste laga i Toppserien om opprykk.
2005 Arna-Bjørnar Amazon Grimstad
2004 Kattem Liungen
2003 Sandviken Medkila
2002 Liungen Fløya Athene Moss trekte laget, sesongen gjennomført med 9 lag.
2001 Sandviken Larvik Grand Bodø trekte laget, sesongen gjennomført med 9 lag.
År Opprykk Kvalifisering System
2000 Liungen
Røa
Fløya, Fortuna Ålesund
Follese, Haugar
57 lag i 6 avdelingar
Sluttspel: 2 grupper á 3 lag
1999 Byåsen
Larvik
Medkila, Voss
Haugar, Liungen
55 lag i 6 avdelingar
Sluttspel: 2 grupper á 3 lag
1998 Grand Bodø
Kaupanger
Liungen, Solid
Larvik, Verdal
55 lag i 6 avdelingar
Sluttspel: 2 grupper á 3 lag
1997 Byåsen
Fløya
Haugar, Jardar
Kaupanger, Larvik
55 lag i 6 avdelingar
Sluttspel: 2 grupper á 3 lag
1996 Bjørnar
Verdal
Donn, Fløya
Raufoss/Vind, Bergen Nord
58 lag i 6 avdelingar
Sluttspel: 2 grupper á 3 lag
1995 Bøler
Gjelleråsen
Bjørnar, Fløya
Verdal, Vidar
55 lag i 6 avdelingar
Sluttspel: 2 grupper á 3 lag
1994 Grand Bodø, Kolbotn Solid, Verdal 44 lag i 5 avdelingar[3]
1993 Haugar, Molde BUL, Oslo, Furuflaten 39 lag i 4 avdelingar
1992 Donn, Fløya Haugar, Verdal 40 lag i 4 avdelingar
1991 Jardar, Spjelkavik Fløya, Haugar 39 lag i 4 avdelingar
1990 Grand Bodø, Sandviken Donn, Spjelkavik 36 lag i 4 avdelingar
1989 BUL, Oslo, Fløya Nymark, Stjørdals-Blink 39 lag i 4 avdelingar
1988 Skedsmo, Vard Fløya, Rindals-Troll 38 lag i 4 avdelingar
1987 Jardar, Heimdal Fløya, Nymark 38 lag i 4 avdelingar

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 12 lag i 1. divisjon kvinner
  2. Grand Bodø rykte opp etter kvalifisering.
  3. Avdelingsvinnarane frå Vestlandet møttest til regional finale