1. sundag etter påske
1. sundag etter påske, før kalla quasi modo geniti, quasimodogeniti eller berre quasimodo, av dei latinske orda i introitussalmen for dagen, «.. som nyfødde born ...» (1. Pet. 2,2)[1] er sundagen som avsluttar påskeoktaven, som byrjar påskedagen. Fleire av dei gammaltestamentlege festane varte ei veke, slik at sjølve festdagen vart feira på nytt den åttande dagen. I oldkyrkja var dagen òg kalla kvitesundagen eller kvitkledesundagen, fordi dei som var døypte på påskevaka eller påskedagen, tok av seg dei kvite kleda denne sundagen.
Evangelitekstane i påsketida (sundagane etter påske) er i hovudsak henta frå evangeliet etter Johannes, medan brevtekstane i hovudsak er henta frå dei katolske breva, det vil seie Brevet til hebrearane og Johannes’ tredje brev.
Kjelder [endre]
- Nils Johan Stoa og Per-Øivind Sandberg: Våre røtter Cappelen 2001 ISBN 82-02-20848-3
- Paul Erik Wirgenes: Fra søndag til søndag Verbum Forlag 2006 ISBN 87-543-1068-8
- Norsk Allkunnebok
|
|
||
|---|---|---|
| Den stille veka | Lasaruslaurdag · Palmesundag · Heilage måndag · Heilage tysdag · Heilage onsdag · Skjærtorsdag · Langfredag · Påskeaftan · Påskedag | |
| Påsketida | Andre påskedag · Tredje påskedag · 1. sundag etter påske · 2. sundag etter påske · 3. sundag etter påske · 4. sundag etter påske · 5. sundag etter påske · 6. sundag etter påske · Kristi himmelferdsdag | |
| Påskeforteljingar | Jesus Kristus · Lidingssoga · Den siste nattverden · Golgata · Krossfestinga · Jesu sju ord på krossen · Påskevake · Myrraberarane | |
| Kristne tradisjonar | Artos · Judasbrenning · Krossprosesjon · Krossvegsandakt · Påskeformelen · Påskekorg · Påskelys · Påskeprosesjon · Påskesalmar | |
| Andre tradisjonar | Påskeegg · Påskehare · Påskehatt · Påskekort · Påskepynt · Eggdans · Eggkakking · Eggrulling · Langfredagsfjære · Skjæltorsdag | |