Den fyrste verdskrigen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå 1. verdskrig)
Gå til: navigering, søk
Tysk gassåtak frå Austfronten 1916. Til høgre i biletet ser ein rekkjer av tyske infanteristar klåre til åtak.
Gravplass i Frankrike etter fyrste verdskrigen

Den fyrste verdskrigen var ein verdskrig som gjekk føre seg i Europa frå august 1914 til 11. november 1918. Han var ein verdskrig av di dei deltakande landa var store kolonimakter. I tillegg kom Sambandsstatane med i 1917. Storbritannia og Frankrike hadde koloniar i alle verdshyrne, medan Russland strekte seg langt inn i Asia.

Den fyrste verdskrigen er omtala som «krigen som skulle få slutt på alle krigar». Ei anna omtale er berre «den store krigen» (la Grande Guerre eller The Great War).

Landegrensene i Europa vart mykje endra då krigen tok slutt. Austerrike-Ungarn forsvann og vart erstatta av ei mengd mindre sentral-europeiske statar, medan Tyskland vart omforma frå keisardøme til republikk. Russland gjekk gjennom ein revolusjon og måtte avstå store landområde. Mellom anna vart Finland og Polen sjølvstendige land. Det osmanske riket vart delt opp, og kjernelandet vart omdanna til Tyrkia.

Alliansar[endre | endre wikiteksten]

Dei europeiske landa i 1914. Land i trippelententen er markert med grønt, dei i trippelalliansen med raudt. Nøytrale land er markert med gult.
Trippelententen Trippelalliansen

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Wienkongressen i 1815, etter Napoleonskrigane, teikna kraftig om på kartet over Europa. Målet var å skapa ein ny situasjon utan større konfliktar. Situasjonen endra seg etter kvart, i og med at nasjonalismen som tanke voks fram. Mindre statar med sams kultur byrja arbeid for å slå seg saman, og større rike risikerte å bryta saman etter som ulike folkegrupper ynskte sjølvstende. Samlinga av Italia og Tyskland er døme på den første tendensen. I løpet av Otto von Bismarck si karriere oppstod eit system av alliansar mellom ulike land, for å skapa ei maktbalanse. I byrjinga av 1900-talet kom det fram ei rad spenningar mellom to store blokker av allierte som dreiv med militær opprusting. Frankrike ynskte oppreising etter nederlaget i den fransk-tyske krigen 1870-71, Storbritannia og Tyskland konkurrerte i kolonispørsmål og om marinestyrke, medan Russland og Austerrike-Ungarn hadde ulike meiningar om korleis Balkan og Austeuropa skulle delast opp mellom dei.

Opptakt[endre | endre wikiteksten]

Gavrilo Princip (eller ein annan person) gripen straks etter at han har skote Franz Ferdinand

Mordet på kronprins Franz Ferdinand av Austerrike-Este den 28. juni 1914, ei hending kjend under namnet skota i Sarajevo, vart det utløysande momentet. Etter ei tid med diplomatiske utspel mellom Serbia og Austerrike vart den svarte veka innleia med mobilisering mellom stormaktene.

Krigsutbrotet[endre | endre wikiteksten]

Fransk kavaleri i Paris på veg til fronten i august 1914

Den 28. juli gjekk Austerrike til krig mot Serbia. Russland byrja mobilisering for å koma Serbia til hjelp, og erklærte krig, trass i åtvaring frå Tyskland. Tyskland var alliert med Austerrike og erklærte krig mot Russland den 1. august. To dagar seinare, den 3. august vart krig mot Frankrike erklært. Den 4. august erklærte Storbritannia krig mot Tyskland. Den 6. august erklærte Austerrike krig mot Russland.

Noreg og den fyrste verdskrigen[endre | endre wikiteksten]

Luftskip av typen Zeppelin etter naudlanding ved Jæren i 1916.

Noreg var, på lik linje med dei andre skandinaviske landa, nøytra]t under den fyrste verdskrigen.

Krigen gjekk likevel hardt ut over den norske handelsflåten, som måtte sigla gjennom krigsfarvatn. 915 norske skip vart senka av dei krigande maktene, og 1 892 sjømenn døydde. Desse 915 skipa utgjorde likevel ikkje meir enn om lag 20 prosent av handelsflåten vår.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Den fyrste verdskrigen
Spire Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.