10. tebét

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

10. tebét (hebr. עשרה בטבת‎, ‘asará betebét) er ein mindre fastedag innan jødedommen. Avhengig av kor lang rosj hodesj for tebét er fell dagen sju eller åtte dagar etter hannuka.

Dagen er til minne om byrjinga av babylonarkongen Nebukadnesar si beleiring av Jerusalem, som tok til den tiande dagen i den tiande månaden (tebét) i det niande regjeringsåret hans (588 fvt.). Etter ei beleiring på to og eit halvt år tok babylonarane byen og øydela Tempelet i Jerusalem. Andre markeringar knytt til desse hendingane er tammúz-fasta, til minne om brotet på bymurane, og tisj‘á beáb, til minne om øydelegginga av tempelet.

Som andre mindre jødiske fastedagar tek 10. tebét-fasta til ved soloppgang til solnedgang, då jødar utan fysiske hindringar (som sjukdom, svangerskap eller amming) let vera å eta eller drikka. Ved morgon- og ettermiddagsbøna les ein Toráen, ei eiga ‘amidábøn og i mange tradisjonar avinu malkeinu-bøna.

I nyare tid er 10. tebét også blitt brukt til å minnast holocaust-offer utan ein kjend dødsdato. Ein vil då lesa kaddísj og tenna levande lys for dei.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]