1001 egg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Polske påskeegg frå 1001 egg fotografert i 2007

1001 egg er ei eggsamling[1] med kunstferdige og ekte egg som blei til i samband med 100-årsjubiléet til Norsk Folkemuseum i 1994.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Tårnseilerne tok på seg å laga eit familiearrangement med form av aktivitetar og ei utstilling til påske i hovudbygningen på Norsk Folkemuseum, med påskeegg som tema. Utstillinga sette publikumsrekord ved Norsk Folkemuseum opningsdagen 27. mars 1994.[2] Dei første egga til samlinga blei laga av medlemmer av Tårnseilerne i 1992-1994. Panduro Hobby og Opplysningskontoret for Egg og Fjærkrekjøtt samt butikken Striestuen var sponsorar av utstillinga.

Publikasjonar[endre | endre wikiteksten]

  • 1994: Eggdekorering. Opplysningskontoret for Egg og Hvitt Kjøtt og Bates reklamebyrå (32s., opplag ca. 400 000),
  • 1994: Mal på egg. Opplysningskontoret for Egg og Hvitt Kjøtt og Bates reklamebyrå (16s., opplag ca. 200 000),
  • 1996: Pynt egg til jul. Opplysningskontoret for Egg og Hvitt Kjøtt (opplag ca. 50 000),
  • 1998: Lag vakre egg. Cappelen forlag: Tårnseilerne. ISBN 9788202170479 (64 s., opplag 15 000),
  • 2001: Eggleker og danser av Reidar Warme. Etnisk forlag.
  • 2002: Egg : vakkert og godt av Åse Kringlebotn m.fl. Schibsted forlag. ISBN 9788251619035 (opplag 7 000)

Eggbrosjyrane har vorte trykte i fleire opplag og er det største opplaget nokonsinne frå Opplysningskontorene.

Utstillingskalender[endre | endre wikiteksten]

Utstillingane 1001 egg stod utstilt:

  • 1994: 27.3-11.4 Norsk Folkemuseum, Hovudbygningen Ref: Torill Kunz
  • 1995: 1.4 - 9.4 Det norske teater, foajéen, Oslo og deretter heilårs utstilling ved Norske Eggsentraler, Prior, Sandaker
  • 1996: 14.3-22.3 Det norske teater, foajéen med heilårs utstilling på Norske Eggsentraler, Prior, Sandaker
  • 1997: 22.3-13.4 Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum, Trondheim Ref: Astrid Aasen heilårs Norske Eggsentraler, Prior, Sandaker
  • 1998: Teatersalen, BUL,Rosenkrantz gate, Oslo med heilårsutstilling på Norske Eggsentraler, Prior, Sandaker
  • 1999: 21.3 – 5.4 Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum, Trondheim Ref: Jan-Lauritz Opstad, direktør heilårs Norske Eggsentraler, Prior, Sandaker
  • 2000: Grieghallen, Bergen og heilårs utstilling i montrar ved Norske Eggsentraler, Prior, Sandaker
  • 2001: Sølvberget Kulturhus, Stavanger og heilårs Norske Eggsentraler, Prior, Sandaker
  • 2002: 16.3-2.4 Hovudbygningen, Norsk Folkemuseum Bygdøy Ref: Erik Rudeng
  • 2003: Tøyenmuséene, Universitetet i Oslo Ref: Einar Strømnes
  • 2007: Festiviteten, Eidsvoll[3] Ref: Jorunn Mathiesen[4]

Andre utstillingar:[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Fotografi fra 1001 egg
  2. Rekordbesøk, aftenposten.no
  3. Galleri Festiviteten, arkivert frå originalen 27. mai 2012, henta 10. desember 2011 
  4. Utstillingsbrosjyre