100 Hekate

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
100 Hekate
Oppdaging A
Oppdaga av J. C. Watson
Oppdaga dato 11. juli 1868
Alternative namn B
Kategori Hovudbeltet
BaneelementC JPL
Epoke 26. november 2005 (JD 2453700,5)
Aphel (Q) 539,149 mill. km (3,604 AE)
Perihel (q) 386,502 mill. km (2,584 AE)
Stor halvakse (a) 462,825 mill. km (3,094 AE)
Eksentrisitet (e) 0,165
Omløpsperiode (P) 1987,636 d (5,44 år)
Gjennomsnittleg banefart 16,82 km/s
Gjennomsnittleg anomali (M) 76,006°
Banehelling (i) 6,430°
Lengda til oppstigande knute ) 127,343°
Perihelargument (ω) 185,908°
Fysiske eigenskapar
Dimensjonar 89 km[1]
Masse ~1,0×1018 kg (estimat)
Tettleik ~2,7 g/cm³ (estimat)[3]
Overflategravitasjon ~0,033 m/s² (estimat)
Unnsleppingsfart ~0,054 km/s (estimat)
Rotasjonsperiode 0,5555 d [2]
Albedo 0,192 [1]
Spektralklasse S
Absolutt storleiksklasse: 7,67
Overflatetemperatur: ~154 K
maks: 238K

100 Hekate er ein stor hovudbelteasteroide. Han går i bane i den same regionen som Hygiea-familien, men har ikkje noko med familien å gjera bortsett i frå banen. Albedoen hans på 0,19 er for høg, og han er av feil spektralklasse til å vera del av Hygiea-familien, som består av mørke C-type-asteroidar.

Hekate var den hundrede asteroiden oppdaga; oppdaga av J. C. Watson den 11. juli 1868. Han er namnsett etter Hekate, gudinna for heksekunstar i gresk mytologi, men namnet speilar og at asteroiden er nummer eitt hundre ved at hekaton er gresk for 'hundre'.

Sett frå jorda okkulterte Hekate ei stjerne den 14. juli 2003. Okkultasjonen vart observert frå New Zealand.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. PDS-lyskurvedata
  2. G. A. Krasinsky et al «Hidden Mass in the Asteroid Belt», Icarus, Vol. 158, s. 98 (2002).
Smålekamar i solsystemet