12 Songs av Neil Diamond

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
12 Songs
Studioalbum av Neil Diamond
Språk engelsk
Utgjeve 8. november 2005
Innspelt 2004–05
Sjanger Rock, country
Lengd 54:15
Selskap American, Columbia
Produsent Rick Rubin
Neil Diamond-kronologi 
The Essential Greatest Hits Collection
(2005)
12 Songs The Best of Neil Diamond (2006)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4/5 stars[1]
Rolling Stone4/5 stars[2]

12 Songs er det 26. studioalbumet til Neil Diamond, gjeve ut i 2005. Det var produsert av Rick Rubin og vert stundom feilaktig omtalt som det første Diamond-albumet sidan Bang Records-tida der Diamond speler gitar.

Arbeidstittelen for albumet var berre Neil Diamond.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Arbeidet med albumet byrja etter Diamond var ferdig med turneen etter Three Chord Opera i 2002. Han reiste til hytta si i Colorado og var tidvis innesnødd der, slik at han fekk tid til å skrive nye songar. Ikkje lenge etter møtte Diamond Rick Rubin. Rubin var interessert i å arbeide med Diamond og dei to kom saman fleire gonger før dei gjekk i studio.

Rubin ønskte å nytte albuma Diamond laga for Bang og tidleg Uni som eit springbrett og oppfordra Diamond til å skrive songar det neste året. Då dei hadde mange nok songar, kalla Rubin inn somme av dei same musikarane han hadde nytta for Johnny Cash sine American Recordings, mellom anna Tom Petty-musikarane Mike Campbell og Benmont Tench, og oppfordra Diamond til å sjølv spele gitar i studio. Innspelingane vart dei aller siste for organisten Billy Preston, som døydde i juni 2006.

Det endelege resultatet, 12 Songs, vart eit av dei mest suksessrike og kritikarroste studioalbuma til Diamond på mange år og debuterte på fjerdeplassen på Billboard 200 i USA. Rubin påverka Diamond utover albumet og på den påfølgjande turneen nytta Diamond eit tettare og enklare arrangement på dei klassiske songane sine og spelte sjølv meir gitar på scenen enn han hadde gjort sidan 1970-åra.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Neil Diamond.

Nr.TittelLengd
1.«Oh Mary»5:13
2.«Hell Yeah»4:26
3.«Captain of a Shipwreck»3:55
4.«Evermore»5:19
5.«Save Me a Saturday Night»3:32
6.«Delirious Love»3:12
7.«I'm on to You»4:28
8.«What's It Gonna Be»4:05
9.«Man of God»4:22
10.«Create Me»4:10
11.«Face Me»3:27
12.«We»3:49
13.«Men Are So Easy» (bonusspor på spesialutgåva)4:03
14.«Delirious Love (featuring Brian Wilson)» (bonusspor på spesialutgåva)3:24

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kopivern[endre | endre wikiteksten]

I november 2005 vart det kjend at Sony BMG distribuerte album med Extended Copy Protection eller XCP-vern, noko som installerte programvare på Microsoft Windows-maskinar plata vart starta på. Dette hindra plata frå å kunne kopierast og gjorde maskina utsett for farlege virusåtak gjennom den utrygge programvaren som vart installert. Rubin har sagt at han og Diamond var ukjend med dette og begge vart rasande.[3]

I desember 2005 gav Sony BMG ut plata på ny utan dette kopivernet.

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (2005–2006) Plassering
Australske album (ARIA)[4] 40
Austerrikske album (Ö3 Austria)[5] 11
Belgiske album (Ultratop Flandern)[6] 6
Belgiske album (Ultratop Vallonia)[7] 86
Nederlandske album (MegaCharts)[8] 10
Tyske album (Media Control)[9] 20
Irske album (IRMA)[10] 16
Italienske album (FIMI)[11] 82
Newzealandske album (Recorded Music NZ)[12] 40
Sveitsiske album (Schweizer Hitparade)[13] 43
Britiske album (OCC)[14] 5
US Billboard 200[15] 4

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Allmusic review
  2. Rolling Stone review
  3. [1]
  4. "Neil Diamond – 12 Songs". Australiancharts.com. Hung Medien. Henta 22. september 2013.
  5. "Neil Diamond - 12 Songs" (På tysk). Austriancharts.at. Hung Medien. Henta 22. september 2013.
  6. "Neil Diamond – 12 Songs" (På nederlandsk). Ultratop.be. Hung Medien. Henta 22. september 2013.
  7. "Neil Diamond – 12 Songs" (På fransk). Ultratop.be. Hung Medien. Henta 22. september 2013.
  8. "Neil Diamond – 12 Songs". Dutchcharts.nl. Hung Medien. Henta 22. september 2013.
  9. "Longplay-Chartverfolgung at Musicline". Musicline.de. Media Control. Henta 22. september 2013.
  10. "GFK Chart-Track". Chart-Track.co.uk. GFK Chart-Track. IRMA. Henta 22. september 2013.
  11. «Archivio – Artisti». FIMI. Henta 22. september 2013. 
  12. "Neil Diamond – 12 Songs". Charts.org.nz. Hung Medien. Henta 22. september 2013.
  13. "Neil Diamond – 12 Songs". Swisscharts.com. Hung Medien. Henta 22. september 2013.
  14. "2006-03-04 Top 40 Official Britiske album Archive | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company. Henta 22. september 2013.
  15. "Neil Diamond Album & Song Chart History" Billboard 200 for Neil Diamond. Prometheus Global Media. Henta 22. september 2013.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]