136108 Haumea

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
(136108) 2003 EL61
2003EL61art.jpg
Kunstnarisk framstilling av Haumea og dei to månane
Oppdaging A
Oppdaga av Ortiz et al. / Brown et al.
Oppdaga dato 28. desember 2004
Alternative namn B
Kategori Dvergplanet, TNO (klassisk)
BaneelementC JPL
Epoke 18. august 2005 (JD 2453600,5)
Aphel (Q) 7708 mill. km (51,526 AE)
Perihel (q) 5260 mill. km (35,164 AE)
Stor halvakse (a) 6484 mill. km (43,335 AE)
Eksentrisitet (e) 0,18874
Omløpsperiode (P) 104234 d (285,4 år)
Gjennomsnittleg banefart 4,484 km/s
Gjennomsnittleg anomali (M) 198,07°
Banehelling (i) 28,19°
Lengda til oppstigande knute ) 121,90°
Perihelargument (ω) 239,51°
Satellittar 2
Fysiske eigenskapar
Dimensjonar ~1960×1518×996 km
(~1500 km)
Masse (4,2±0,1)×1021 kg
Tettleik 2,6–3,3 g/cm³
Overflategravitasjon 0,44 m/s²
Unnsleppingsfart 0,84 km/s
Rotasjonsperiode 0,16314±0,00001 d
(3,9154±0,0002 t)
Albedo 0,7±0,1
Spektralklasse ?
Absolutt storleiksklasse: 0,1
Overflatetemperatur: 32±3 K

Haumea (tidlegare offisielt kalla 2003 EL61, og uoffisielt kalla Santa) er ein av fem dvergplanetar i solsystemet. Han ligg i kuiperbeltet og har omtrent ein tredjedel av massen til Pluto. Han blei oppdaga av J. L. Ortiz og laget hans ved Sierra Nevada-observatoriet i Spania og Mike Brown si gruppe hos Caltech i USA. Minor Planet Center (MPC) gjev offisielt æra for oppdaginga til gruppa til Ortiz, som var først ute med å offentleggjera oppdaginga av objektet.

Haumea blei i 2008 namnsett etter gudinna for barnefødsel og fertilitet i hawaiisk mytologi.[1]

Haumea sine to månar, hurtige rotasjon, høge albedo og ekstremt avlange form gjer han til eit særs uvanleg objekt blant dei klassiske kuiperbelte-objekta. Det er sannsynlegvis den største medlemen av ein kollisjonsfamilie som blei danna under éin enkelt kollisjon som òg er ansvarleg for objektet sine uvanlege karakteristika.

Satellittar[endre | endre wikiteksten]

To små satellittar har blitt oppdaga i bane rundt Haumea:

  • Namaka med ein diameter på ~170 km dersom albedoen er lik moderobjektet

Kjelder[endre | endre wikiteksten]