15. februar
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
15. februar er den 46. dagen i den gregorianske kalenderen. Det er 318 dagar att av året (319 under skotår).
Innhaldsliste |
[endre] Merkedag
[endre] Nasjonaldagar og nasjonale flaggdagar
| Nasjonaldag i Serbia |
[endre] Religiøs helgedag
Bevegelege heilagdagar som fell på 15. februar i 2012:
[endre] Namnedag
| Noreg | Sigfred og Sigbjørn |
| Sverige | Sigfrid |
| Danmark | Faustinus |
[endre] Hendingar
[endre] Utlandet
- 1637: Ferdinand III blei keisar av Det tysk-romerske riket.
- 1898: Den spansk-amerikanske krigen. USS Maine eksploderte og gjekk ned i Havanna på Cuba. Over 260 mennesker døydde. Hendinga førte til at USA erklærte krig mot Spania.
- 1942: Andre verdskrigen. Singapore overgav seg til japanske styrker. Rundt 130 000 indiske, britiske og australske soldatar blei tekne til fange.
- 1944: Andre verdskrigen. Det allierte åtaket på Monte Cassino i Italia tok til.
- 1950: Sovjetunionen og Folkerepublikken Kina skreiv under på ein gjensidig forsvarsavtale.
- 1952: Dei 6. olympiske vinterleikene opna i Oslo.
- 1965: Canada bytta ut det gamle britiske koloniflagget med sitt raude og kvite med bilde av eit lønneblad.
- 1989: Sovjetiske troppar trekte seg ut av Afghanistan.
[endre] Noreg
- 1928: Regjeringa Hornsrud blei felt av eit mistillitsforslag, og gjekk av etter berre 18 dagar
[endre] Fødde
- Sjå òg Fødde den 15. februar.
- 1564: Galileo Galilei, italiensk filosof, fysikar og astronom
- 1571: Michael Praetorius, tysk komponist og musikkforfattar
- 1920: Anne-Cath. Vestly, norsk barnebokforfattar og skodespelar
- 1949: Gunvald Ludvigsen, norsk politikar
- 1982: Helge Haugen, norsk fotballspelar
[endre] Døde
- Sjå òg Døde den 15. februar.
- 1145: Pave Lucius II
- 1621: Michael Praetorius, tysk komponist
- 1637: Ferdinand II av Det tysk-romerske riket
- 1857: Mikhail Glinka, russisk komponist
- 1864: Adam Wilhelm Moltke, dansk statsminister
- 1869: Mirza Ghalib, indisk diktar
- 1932: Minnie Maddern «Mrs» Fiske , amerikansk skodespelar
- 1928: Herbert Henry Asquith, britisk statsminister
- 1965: Nat King Cole, amerikansk musikar
- 1992: María Elena Moyano, peruansk aktivist
|
|
|
|---|---|
| < 1 · 2 · 3 · 4 · 5 · 6 · 7 · 8 · 9 · 10 · 11 · 12 · 13 · 14 · 15 · 16 · 17 · 18 · 19 · 20 · 21 · 22 · 23 · 24 · 25 · 26 · 27 · 28 · (29) > |