1770 i Queensland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
1770
Tidlegare namn Round Hill
Styresmakter
Delstat
Land
Queensland
Australia
Geografi
Innbyggjarar
 - Landsby (2011)

76
Diverse anna
Heimeside: http://1770.com/

1770 er ein landsby i Queensland i Australia. Det var den andre staden James Cook og mannskapet på HMS «Endeavour» gjekk i land, i mai 1770.

Landsbyen er ein turistattraksjon, og ligg på ei halvøy med Korallhavet og Bustard Bay på tre sider. Agnes Water ligg åtte kilometer lenger sør. Opphavleg heit staden Round Hill, etter høgda han ligg på, men namnet vart endra i 1970 i samband med 200-årsjubileet etter at Cook gjekk i land.

Område har fire nasjonalparkar: Deepwater nasjonalpark, Eurimbula nasjonalpark, Mount Colosseum nasjonalpark og Round Hill nasjonalpark.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]