1812-ouverturen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
1812-ouverturen med tilhøyrande kanonskot vart framførd på 2005 Classical Spectacular

1812-ouverturen er eit orkesterverk av Peter Tsjaikovskij til minne om den mislukka franske invasjonen av Russland i 1812 og den katastrofeprega tilbaketrekkinga til den franske hæren, hendingar som markerte eit vendepunkt i Napoleonskrigane. Ouverturen vart framførd for første gong i Kristus Frelsaren-katedralen i Moskva den 20. august 1882. Katedralen hadde vore ferdig bygd året før, òg reist til minne om Napoleon sitt felttog i Russland i 1812. Stykket er best kjent for å innehalda ein bolk med kanoneld som av og til, særleg under utandørsframsyningar, vert spela med ekte kanonar.

Musikken[endre | endre wikiteksten]

Ouverturen er døme på programmusikk, musikk som er komponert for å få fram stemningar og scener hjå dei som høyrer på. Musikkstykket opnar med lågmælte tonar av russisk kyrkjesong. Songen skal minna om krigserklæringa som vart proklamert i samband med gudstenester i Russland. Etterpå kjem ein song som bed om russisk framgang i krigen. Kunngjeringa vert òg skildra i bokverket Krig og Fred av Leo Tolstoy.

Deretter kjem det eit tema som står for marsjerande armear, spela av valthorn. Den franske nasjonalsangen La Marseillaise viser til dei franske sigrane i krigen, og til innmarsjen i Moskva i september 1812. Det russiske folkemusikktemaet feirar slaget som slo Napoleon attende. Retretten frå Moskva seint i oktober 1812 er reflektert med at musikken vert lettare. Avfyringa av ein kanon viser til dei militære framgangane mot den franske grensa. Mot slutten av krigen kjem ein attende til kyrkjesongen. Denne gongen med fullt orkester med tilhøyrande klokkeklang for å feira sigeren, og at ein unngjekk fransk okkupasjon. I lag med kanonen og marsjtemaet høyrer ein den russiske nasjonalsongen Gud signe Tsaren. Den russiske nasjonalsongen er eit motstykke til den franske ein høyrde tidlegare.

I Sovjetunionen måtte Tsjaikovskij sin musikk omgjerast om han skulle spelast. Melodien til Gud signe Tsaren vart erstatta med koret Gloria frå operaen Ivan Susanin av Mikhail Glinka.

Kanonskotet er vanlegvis attgjeve med ei basstromme. Kanonskot har vorte nytta ved nokre høve, og vart først spela inn av Minneapolis Symphony Orchestra1950-talet. Etterfylgjande opptak har vorte gjort ettersom opptaksteknikken har betra seg. Kanonskot er nytta årleg i 4. juli- feiringar i Boston, med framføring av 1812-ouverturen på ei elvebreidd.

Midt på 1960-talet arrangerte Igor Buketoff 1812-ouverturen med kor attåt orkesteret. Opninga vart sungen i staden for å verta spela av celloar og fiolinar. Eit barnekor kom i tillegg til fløyte og Engelsk horn.

Sjølv om 1812-ouverturen ikkje har tilknytting til 1812-krigen mellom USA og Storbritannia, vert stykket ofte framført i USA i lag med anna patriotisk musikk.