1900-talet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alfred Nobel oppretta Nobelprisen.

1900-talet vart eit hundreår der det skjedde store endringar på mange område. Mange menneske fekk endra levesettet sitt som resultat av teknologisk, medisinsk, sosial, ideologisk og politisk fornying på godt og vondt. Termar som ideologi, verdskrig, folkemord og atomkrig kom i bruk.

Den overoptimistiske framstegstrua i starten av hundreåret fekk ein knekk med første verdskrigen, som av mange blei sett på som eit sivilisasjonssamanbrot. Dei totalitære ideologiane fascisme, nazisme og kommunisme oppstod òg i kjølvatnet av og delvis som resultat av første verdskrigen. Nazismen førte verda ut i ein ny og enda verre verdskrig nokre år seinare, og prøvde å utrydde heilt dei europeiske jødane og sigøynarane i Shoah/Holacaust. På den andre sida bidrog begge verdskrigane til auka forståing for likestilling mellom kjønna og utbygging av velferdsstaten og ein meir regulert økonomi i delar av verda.

Relativitetsteorien og kvantefysikken endra det vitskaplege synet på verda drastisk, og fekk vitskapsfolk til å innsjå at universet er mykje meir innvikla enn dei hadde trudd før.

Aukande vitskapleg forståing, betre kommunikasjonar og raskare transport endra verda raskare enn nokon gong før. Det var eit hundreår som begynte med dampskip og enda med romskip. Hestar, bruka til transport i tusenvis av år, blei erstatta med bilar i løpet av nokre tiår. Dette blei mogleg på grunn av storskala utnytting av petroleumsressursane, som betydde store mengder energi i lett transportabel og oppbevaringsvennleg flytande form, men som samtidig har ført til utbreidd uro om ureining og global oppvarming med store skadeverknader på klimaet og miljøet.

Kultur og underhaldning[endre | endre wikiteksten]

Kultur og underhaldning har hatt ei enorm utvikling gjennom 1900-talet. Ny teknologi og massemedia som radio og fjernsyn har gjort det mogeleg å spreie idrett, musikk og film over heile verda.

Film[endre | endre wikiteksten]

Filmar vart ein av dei mest populære underhaldningsformene i løpet av 1900-talet, og det vart gjort store framsteg i måtar å spele inn film på. Dei første kinoane dukka opp dei første åra av 1900-talet. Den første tida var det berre stumfilmar og dei første lydfilmane kom i 1920-åra. Dei første fargefilmane dukka opp i slutten av 1930-åra. Utover på hundreåret har spesialeffektane nytta i film vorte stadig meir sofistikerte og spektakulære.

Musikk[endre | endre wikiteksten]

Musikkstilane og musikkindustrien på 1900-talet gjekk gjennom enorme endringar i løpet av hundreåret. Radio gjorde at ein kunne lytte til den same musikken over heile verda, og nye media og teknologiar vart utvikla for å spele inn, lagre, reprodusere og distribuere musikk. Musikk var ikkje lenger berre noko ein kunne høyre på konsertar, operahus, klubbar og i heimane, og det vart mogeleg for artistar å verte kjend over store område både nasjonalt og stundom i heile verda.

Mykje av populærmusikken i dag har sine røter tidleg frå første halvdel av 1900-talet i Amerika. Her vart jazz, blues og country utvikla. I løpet av dei første 50 åra vart desse stilane gradvis blanda og i 1950-åra skjedde det ein musikalsk revolusjon då rock and roll gjorde sitt inntog, som òg fekk stor samfunnsmessig innverknad for den oppveksande generasjonen. Siste halvdel av 1900-talet har mange nye stilar oppstått som heavy metal, pønk, disco, reggae, soul, rap og hip-hop.

I klassisk musikk vart det òg utvikla nye stilar og retningar, som dodekafoni, aleatorisk musikk og minimalisme. Elektroniske musikkinstrument vart òg utvikla og nytta av mange komponistar og musikarar.

Kunst[endre | endre wikiteksten]

I kunstverda vart det utvikla nye stilartar som ekspresjonisme, dadaisme, kubisme, de stijl, abstrakt ekspresjonisme og surrealisme. Modernismen revolusjonerte kunstkulturen og danna ein meir optimistisk, framgangs- og og framtidsretta tenkemåte som seier at menneska kan betre verda dei lever i ved hjelp av kunst, kunnskap og teknologisk utvikling.

Arkitektur[endre | endre wikiteksten]

Moderne arkitektur skil seg frå tidlegare arkitektur med ofte meir straumlinjeforma bygg inspirert av maskinar, og mykje mindre bruk av ornament og pynt. Nye byggmateriale og teknologiar vart utvikla. I storbyane, der det byrja å verte avgrensa plass, starta ein å bygge i høgda og stadig høgare skyskraparar vart ført opp.

Bilen gjorde sitt inntog på 1900-talet og tilrettelegging for biltransport har vore ein store medverkande faktor til utforminga av byane i løpet av hundreåret.

Idrett[endre | endre wikiteksten]

Mange former for idrett vart særs populær i løpet av 1900-talet, både som ein aktivitet som kven som helst kunne drive med, inkludert kvinner som før 1900-talet ikkje fekk drive med idrett, og som underhaldning, særleg på fjernsyn. Mange av dei mest populære idrettane i dag er lagidrettar, som ofte har sitt opphav i britiske idrettar og reglane deira, til dømes fotball. Dei moderne olympiske leikane oppstod i 1896 og vart det mest populære og viktigaste idrettsarrangementet utover på hundretalet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

<   1900-talet  >
<< 1900 | 1901 | 1902 | 1903 | 1904 | 1905 | 1906 | 1907 | 1908 | 1909 | 1910 | 1911 | 1912 | 1913 | 1914 | 1915 | 1916 | 1917 | 1918 | 1919 | 1920 | 1921 | 1922 | 1923 | 1924 | 1925 | 1926 | 1927 | 1928 | 1929 | 1930 | 1931 | 1932 | 1933 | 1934 | 1935 | 1936 | 1937 | 1938 | 1939 | 1940 | 1941 | 1942 | 1943 | 1944 | 1945 | 1946 | 1947 | 1948 | 1949 | 1950 | 1951 | 1952 | 1953 | 1954 | 1955 | 1956 | 1957 | 1958 | 1959 | 1960 | 1961 | 1962 | 1963 | 1964 | 1965 | 1966 | 1967 | 1968 | 1969 | 1970 | 1971 | 1972 | 1973 | 1974 | 1975 | 1976 | 1977 | 1978 | 1979 | 1980 | 1981 | 1982 | 1983 | 1984 | 1985 | 1986 | 1987 | 1988 | 1989 | 1990 | 1991 | 1992 | 1993 | 1994 | 1995 | 1996 | 1997 | 1998 | 1999 >>